Korona | 31. aug. 2021

Ny, lokal kompensasjonsordning for næringslivet

Skal dela ut over 2,1 millionar. Kven kan søkja?

Næringssjef Jon Sivert Rykkel. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 31. aug. 2021 09:17

Pressemelding: Kommunal kompensasjonsordning til bedrifter i Bjørnafjorden kommune.

Stortinget fatta 21. juni vedtak i saka «økonomiske tiltak i møte med pandemien».

Regjeringa har no følgd dette opp med eit nytt tilskot: Ny kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.

Bjørnafjorden kommune er i den samanhengen tildelt 2.118.000 kroner.

Søviknes gler seg over gjennomslaget nasjonalt og håper på rask utdeling lokalt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògFår yttarlegare 2,1 millionar i koronamidlar

Den lokale tildelinga kjem i tillegg til Statens tiltak for å kompensera for ulempene bedriftene har som følgje av smittevernstiltak. Hovudverkemiddelet er kompensasjonsordning.no.

– Me føler me har treft godt på dei førre rundane med kompensasjonsmidlar. Etter søknadsperioden er målsettinga og raskt få ut midlane til bedriftene. Hovudfokuset vårt er å trygga arbeidsplassar i kommunen, seier næringssjef Jon Sivert Rykkel.

Den lokale tildelinga har som mål å fanga opp bedrifter som fell utanfor den nasjonale kompensasjonsordninga.

Kven kan søkja?

Føljande bransjar og deira underleverandørar vert prioritert:

  • Servering
  • Arrangement
  • Reiseliv
  • Øvrige verksemder som er råka av smittevernstiltak, men fell utanfor andre statlege kompensasjonsordningar, kan også vurderast.

Verksemder som starta i 2020 kan søkja og vil bli vurdert.

Meir informasjon om søknaden finn du på heimesida til Bjørnafjorden kommune eller regionalforvaltning.no

– Ved sidan av dei prioriterte næringane er det også høve for andre bedrifter som er råka av smittevernsreglar å søkja kompensasjonsmidlar. Dette kan til dømes vere leverandørar til næringar som er hardt råka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.