Teten inn i Mobergsbakken, første bakken etter start på Os Gymnas. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ny løyperekord i Os Rundt

Nils Løvås historisk: Det tok 40 år før første deltakar kom i mål på under ein time.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I dag blei Os Rundt arrangert for 40. gong, tradisjon tru 1. mai, tradisjon tru på tørr asfalt.

– Det kom nokre få dropar etter start, heldigvis byrja det ikkje å regna. Det har mykje å seia, spesielt ned Fanafjellet, seier Edvard Ramsvik i CK Henie.

CK Henie tok imot påmelding frå 105 deltakarar, 103 stilte til start til det som for mange er start på sesongen.

I tillegg til tørr asfalt var det vind frå nordvest, noko som er gunstig for ryttarane.

Aldri før har nokon kome i mål på under ein time - i dag var det 24 som klarte det - og den 7 år gamle løyperekorden blei slått.  

Nils Løvås sette ny løyperekord  

Os Rundt har start og stopp ved Os Gymnas. Den 42 km lange løypa går til Os sentrum, om Nore Neset, Ulvensletta, over Fanafjellet og tilbake til Os.

Kjetil Isaksen frå Vossevangen CK kom i mål til ny bestetid, 1.00,55, då han vann i fjor. Men legg vi til 53 sekund grunna nytt tidtakingspunkt så er tida ikkje betre enn førre rekord, Ørjan Nordtveit frå Sykkelkomponenter.no kom i mål på 1.01,04 i 2012.

Nils Løvås frå Åsane CK kom i mål på 59,51! Tida er ny løyperekord òg om vi legg til 53 sekund.

Tomasz Bialas, som i fjor deltok under stadnamnet «Lepsøy», er no medlem av Bergen CK. Han kom i mål ein hundredel bak og delte andreplassen med tidlegare vinnar, og løyperekordinnehavar frå 2008, Øystein Blom-Olsen.

TOPP 4
1. Nils Løvås frå Åsane CK 59,51
2. Tomasz Bialas Bergen CK 59,52
3. Øystein Blom-Ohlsen Åsane CK 59,52
4. Fredrik Olsen Åsane CK 59,53
+ 20 på under timen

Sjå topp 25 i bildeserien over. Sjå komplett resultatliste på eqtiming.no.

Fleire gode tider på lokale deltakarar

Lars Erlend Brattabø frå Os syklar for Bergen CK. Han gjorde det som vanleg skarpt og kom i år i mål på 1.01,32. I dag heldt den gode tida «berre» til 35. plass.

Arrangørklubben CK Henie stilte sterkt for å gjennomføra sykkelrittet, men hadde òg deltakarar ute i løypa.

Dei kom i mål på gode tider:
51. Rune Sævareid 1.05,15
52. Rafal Wilinski 1.05,16
57. Rudi Heilund 1.05,19
76. Øystein Tveit 1.12,25
80. Vidar Tveit 1.13,00

Frå Opptur Motbakkeklubb deltok Simon Noel. Han hamna på 73. plass med tida 1.11,18. Frå Lysekloster deltok Arne Bjørndal. Han kom i mål som nest best i eldste klasse (menn 60-69), på 82. plass totalt med tida 1.13,01.

Fleire saker