Næringsliv | 04. mai 2010

Ny mann i Midtsiden

Midtsiden.no doblar redaksjonen med tilsetjing av Andris Hamre.

Ny mann i Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. mai 2010 13:04

I 10 år har underteikna, Kjetil Vasby Bruarøy, drive Midtsiden.no åleine, for det meste på deltid. Den lokale nettavisa er eigd av Midtsiden AS, eit firma Bruarøy eig 100 prosent av aksjane i.

Laurdag 1. mai 2010 fekk Bruarøy selskap av Andris Hamre (38) i redaksjonen, først i 50 prosent stilling, frå august i år på fulltid.

- Besøkstalet er nesten dobla sidan vi for eitt år sidan investerte i oppgradering av sida. Mengda med tips til redaksjonen og førespurnadar på annonseplass har også auka kraftig. Skal vi kunna levera det lesarar og kundar ventar er det no på høg tid å auka kapasiteten, seier redaktør Kjetil Vasby Bruarøy i intervju med seg sjølv.

Frå SIU til Midtsiden
Andris Hamre går frå stillinga som webredaktør i Senter for Internasjonalisering av Høgre Utdanning (SIU) til Midtsiden.no.

For dei fleste osingar er han best kjent som formann i Os Turn Handball, men han har også jobba i Os tidlegare, då han frå 2006 til 2008 var marknadsansvarleg for Vitaltour. Før den tid var han pressetalsmann for Skandiabanken.

- Midtsiden.no veks, men er førebels ikkje stor nok til å skilja redaksjon og administrasjon, derfor var eg på jakt etter ein som kan gjera ein liknande jobb som meg sjølv, frå tekst og foto til kontakt med kundar.

- Med Andris om bord er vi betre rusta til å få med oss det som skjer i bygda. I tillegg har eg fått selskap av ein eg kjenner frå fleire intervju i høve handballen som ein kunnskapsrik, flittig og omgjengeleg kar, seier Bruarøy.

Austlending på nynorsk
Hamre blei fødd i Bodø, men flytta til Austlandet då han var 5 år. Han vaks opp rundt Mjøsa og flytta til Os for 10 år sidan, saman med kona Camilla, som er fødd på Gjøvik, men har far frå Hauge på Os.

- Eg har følgt Midtsiden og Kjetil sitt arbeid i mange år, spesielt etter at eg involverte med i handballen. Å få jobba med denne nettavisa, og bli endå betre kjent med Os og osingane, ser eg veldig fram til, seier Andris.

Andris og Camilla er foreldre til Solveig (15) og Nils Andris (13). Familien bur i Gamle Finnebrekka. Hamre, som snakkar austlandsdialekt, fekk tilbod om å skriva bokmål på Midtsiden.no, i alle fall i starten. Likevel tastar han av garde på nynorsk.

- Er vi i Os så er vi i Os, nynorsk får eg heller læra meg, seier Andris Hamre.

I oppseiingstida hos SIU jobbar Andris 50 prosent for sin førre arbeidsgjevar og like mykje hos Midtsiden.no. Frå 20. august er han på plass på fulltid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.