Lokal | 31. juli 2019

Ny oppmoding om å registrera hjartestartarane

Det er framleis stort avvik mellom registrerte hjartestartarar og kva som faktisk heng rundt omkring i bygda - ved å registrera fleire kan bruken av dei bli langt betre seier Helse Vest.

Ny oppmoding om å registrera hjartestartarane
I følgje 113.no finst det 22 slike i Os - truleg er talet mykje høgare. Helse Vest oppmodar no alle som har ein hjartestartar å registrera denne. Det kan redda liv. (Arkivfoto: KMA)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 31. juli 2019 12:15

I 2016 starta eit nasjonalt arbeid med å registrera hjartestartarar i eit felles register, slik at dei som sit på AMK raskt kan henvisa til næraste hjartestartar om nokon får akutt hjartestans. Midtsiden la den gong ut ei liste over dei hjartestartarane vi kjende til i Os.

I 2017 oppmoda dåverande ordførar, Marie L. Bruarøy og helseminister, Bent Høie (H) alle som har ein hjartestartar om å registrera den på nettsida 113.no.

Den gongen synte oversikta til Midtsiden at det berre var to hjartestartarar registrerte i det nasjonale registeret.

Ved å registrere fleire hjartestartarar, kan bruken av dei bli langt betre

Helse Bergen går i desse dagar ut med ei ny oppmoding om å få alle hjartestartarene som finnst registrert på 113.no.

Avdelingssjef Øyvind Østerås ved Akuttmedisinsk avdeling og Grete Lill Hjartnes ved Seksjon for samhandling fortel at i Helse Bergen sitt opptaksområde er det i snitt 25 personar kvar månad som får hjartestans. Fire av desse (ca. 15%) har fått behandling med hjartestartar av lekfolk før helsepersonell er framme på staden. Tidleg bruk av hjartestartar gir betre overleving ved hjartestans utanfor sjukehus.

«Registrerte hjartestartarar på 113.no er synlege i AMK-sentralen sitt kartverk. Ved hjartestans kan 113-operatøren be personar på staden hente hjartestartar på spesifikk adresse. 113-operatøren rettleier innringar i hjarte-lunge-redning (HLR) og forklarar korleis hjartestartaren skal brukast. Defibrillering med hjartestartar kan gjerast samstundes med HLR. Jo fleire hjartestartarar som blir registrert, jo fleire personar kan få tidleg defibrillering ved hjartestans. Tilgang til hjartestartarar gir betre tryggleik i akutte situasjonar.»

22 registrert i Os

I 2018 la Midtsiden ut ein ny oversikt over dei hjartestartarene vi kjende til. Den lista talde 56 hjartestartarar rundt i kommunen.

– På 113.no er det per i dag registrert 22 hjartestartarar, fortel kommunikasjonsrådgjevar ved Os kommune, Mari Lyssand. Dette avviket syner at det lèt diverre til å vera stadig like aktuelt å oppmoda alle som har ein hjartestartar om registrera denne. Dersom du har ansvar for ein hjartestartar som alt er registrert, sjekk gjerne på kartet at han er heilt riktig plassert, og at det er godt forklart kvar han er å finna, seier Lyssand.

Full oversikt over alle hjartestartarar finn du her, og har du ein hjartestartar du vil registrera, gjer du der her.

Veit du om hjartestartarar som har kome til, eller om nokon ikkje lengre er plassert der det står i lista, så set vi stor pris på om du oppdaterer oss ved å senda ein epost til tips@midtsiden.no

Her er dei hjartestartarane vi har i vår oversikt: (oppdatert 2. august 2019)

Abo Plan & Arkitektur
AMFI Os
Apotek 1 Os
Askeladden
Bolaks avd Lønningsdal (UTANDØRS 24t)
Bjørnefjorden Golfklubb
Er-An Veikro
Gamleheimshagen
Hodneland Bygginnredning AS
Kløvertun/Sanitetshuset
Kongshaug Musikkgymnas
Kysthospitalet i Hagavik
Legekontor (fleire)
LHL Os
Lunde barneskule
Luranetunet
Lysekloster il (innandørs)
Lysekloster il (UTANDØRS 24t)
MS Fox Fighter
MS Hargun
MS Molly
MS Røttingøy
MS Samba
Museet Lysøen
Nav Os
Nore Neset Aktivitetshus
Nore Neset il (UTANDØRS 24t)
Os brannvesen, på to av bilene
Os Gymnas
Os og Samnanger legevakt
Os Manuellterapi & Fysioterapi
Os Pensjonistsenter (tidl. Os eldresenter)
Os Rådhus
Os Skyttarlag
Os Taxi (DØGNOPE)
Os Turn (klubbhuset, Kuventræ)
Os Turn, kiosken, Kuventræ (UTANDØRS 24t)
Os vgs
Osbadet
Oseana
Oselvarverkstaden
Osbuss, i seks av bussane
SalmoBreed Lønningdal
Sprek og Blid Os
Strøno, Ungdomshuset (i gangen)
Søfteland turn- og idrettslag
Søfteland turn- og idrettslag (UTANDØRS 24t)
Søfteland skule (gymsalen)
Søre Neset il (klubbhus, Bjørnen)
Søre Neset il (UTANDØRS 24t)
Privatmegleren
Ravneberghaugen rehabiliteringssenter
Rema 1000 Kuven Stasjon
Rolls-Royce Hagavik
Ulvehiet (Os jakt og fiskelag)
Ulven leir
Vedholmen Landhandel (Bunnpris/Søre Øyane)
Øyglimt (UTANDØRS 24t)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.