Lokal | 14. sep. 2018

Ny parkeringsløysing for sentrum

Os kommune har inngått avtale med Sesam Sesam.

Ny parkeringsløysing for sentrum
Næringssjef Daniel Skotheim ved bommane som no skal vekk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. sep. 2018 10:00

Først var det anarki, så kom det skilting, merking og eit vakthald fleire opplevde som rigid. Så gjekk det tilbake til fråværande oppfølging med tilhøyrande problem med at arbeidstakarar og pendlarar stiller seg på plassar meint for korttidsparkering.

Butikkeigarar har blitt leie av å klaga, samtidig har kundar som ikkje umiddelbart finn ein plass midt i smørauget tatt turen vidare eller gjeve opp før dei har prøvd.

Å handheva parkeringsreglar utan å skremma folk vekk med bøter kan vera vanskeleg.

I forsøk på å balansera på hårstrået mellom orden og kaos har Os kommune gått for ei løysing der det er gratis å stå ei stund og billig å stå litt lengre, men dyrt å stå dønn i ro heile dagen midt på Osøyro.

• Les òg: Opnar for ny parkeringsløysing i sentrum (juni 2017)

Os er truleg først i landet

Oppdraget med overvaking og betaling har vore ute på anbod, og vinnaren er kåra.

– Vi har signert avtale med Sesam Sesam. Klokka 12 i dag gjekk karenstida (frist for andre tilbydarar å klaga) ut, fortel næringssjef Daniel Skotheim.

Sesam Sesam har frå før, blant andre, Klostergarasjen, Bygarasjen og parkeringa ved VilVite som kundar.

– I Os skal vi ha vårt eige system og prisnivå, men så vidt eg veit er det ingen by- eller bygdesentrum som har tilsvarande, moderne ordning.

Korleis blir reglane?

Sesam Sesam skal snarast montera eit system som registrerer skiltnummer på alle bilar som køyrer inn og ut av sentrumskjerna. Skiltlesarane vil stå ved innkøyrsla til rådhuset og Torggata, i Øyro ved Lundehjørnet, i Brugata og i Landboden (ved grensa mellom kyrkja og Kyrkjetunet).

• Det blir gratis å parkera i sentrumskjerna i inntil to timar. Etter at to timar er passert kjem ein takst per time.

• Prisen etter gratis tid er ikkje bestemt, men typisk sats er knappe 20 kroner per time etter dei to som er gratis.

• Også parkeringsplassen mellom Esso og Osbrua, ved popup-parken og gjestebrygga, blir to timar og med tilsvarande registrering av trafikk inn og ut.

• Plassane som i dag er langtidsarkering aukar frå 8 til 9 timar gratis.

– Alt i sentrumskjerna blir to timar, men kvar kan du stå?

– Skiltplan og komande ny merking er ikkje ferdig, men systemet kan koma i drift før dette er klart. Til den tid må du naturlegvis følgja vanlege trafikkreglar, der du for eksempel ikkje står for nær fotgjengarfelt med fronten på bilen, eller sperrar andre inne. g unngå å stå på private plassar, som ut mot Oselvo.

• Les òg: Sånn skal du parkera på Øyro

Aktiv eller «passiv» betaling

Sesam Sesam er kjent for mange. Er det nytt for deg, kan du slå deg til ro med at alt kan gå av seg sjølv, akkurat som bompengane, som i dag kjem i posten ei stund etter at du har vore i by’n.

Har du leigebil eller besøker Os frå ei adresse i utlandet, og vil gjera opp for deg med det same, kan du betala i automat.

Du kan òg tasta inn registreringsnummeret ditt på nett og betala der, eller aller enklast for dei med smarttelefon; last ned Sesam Sesam sin app og registrer både deg, bil og ønskt betalingsmåte. Vi veit alle kor lange KID-nummer det kan vera på dei minste fakturaene …

MEN; står du under to timar i sentrumskjerna får du ingen faktura.

– Enkelt og rettvist

– Ei form for kontroll, for å frigje plassar til dei som skal på eit kortare opphald i sentrum, har vore etterlengta av mange. No får vi kontroll, samtidig spreier vi ikkje frykt for fleire hundre kroner i gebyr om du gjer noko feil. Har du behov for å stå i 3-4 timar, så skal det ikkje kosta mange kronene, seier Skotheim.

– Dette systemet blir enkelt og rettvist, det håper eg at innbyggarane og besøkande forstår.

• Les òg: Nytt parkeringshus kan stå ferdig i 2021

Næringsaktørar med større parkeringsplassar i Os kan inngå eigne avtalar med Sesam Sesam, som no får oppdrag i bygda. Os kommune har informert eigarane av to store bygg om tilbydaren.

Bommane, som har halde folk med langtidsplanar unna plassen framfor rådhuset, skal no vekk.

– Dei kan seljast eller plasserast ein annan plass, om det skulle bli behov, seier Skotheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.