Ny parkeringsplass ved Smievågen er ferdig
42 fine plassar ved badefjøre, fiskeplass og turterreng.

Som del av tilrettelegginga for turfolk jobbar kommunen med å betra parkeringsforholda ved ulike område.
I oktober opna ein utvida og asfaltert versjon av parkeringsplassen i Ervikane, som no har 110 oppmerkte plassar, i går sto ny parkeringsplass ved Smievågen klar.
Parkeringsplassen har 42 oppmerkte plassar, to av dei litt breiare enn andre, og ligg rett ved den grusa stien ned til badefjøra.
Nokre av plassane skal i periodar brukast til parkering av hestevogner.
Smievågen er saman med Moldaneset eit friluftsområde som Bergen og Omland Friluftsråd har vedlikehald og drift på. Området har toalett, bord og benkar, ei fjøre og fine svaberg å sola seg eller fiska frå.
Det går òg to rundløyper frå parkeringsplassen, nedom Smievågen, på 1,5 og 1,8 km.
I 2010 blei Smievågen oppgradert med strandpromenade, og området ligg langs Strandvegen, 3 kilometer frå Os sentrum.
Les meir og sjå Smievågen i kart på BOF.no
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.