Ny pris til Askeladden

Rask, men like koseleg som ei snekke, meinte juryen på «Sjøen for Alle» om C62 X-over.

Kjetil Vasby Bruarøy
05. april 2011 - 8:35

På båtmessa i Bergen i februar lanserte Askeladden den romslege heilårsbåten P66 Weekend, på båtmessa i Lillestrøm i mars rakk dei akkurat å få med seg nystøypte Askeladden C62 X-over.

Som ved fleire tidlegare lanseringar blei det pris på båtprodusenten frå Os, Askeladden Boats sin X-over blei kåra til «Messens båt».

- Heilt sidan reetableringa har vi lagt ned store ressursar i å skapa nye, moderne og marknadstilpassa båtar, no byrjar vi å sjå resultat av satsinga, seier marknadssjef Leif Bergaas.

Som ei rask snekke

Askeladden har satsa på sitjeplassar og fleksible løysingar i X-over, der du kan ordna seta på ulike måtar, blant anna som solseng.

Ein samla fagjury på «Sjøen for Alle» sa dette om den nyaste Askeladden:

«En veldig sosial båt med mange sitteplasser og en planløsning som gir assosiasjoner til den tradisjonelle snekka. Dette er en kose-seg-på-tur-uti-skjæra båt.»

Lettdrive skrog

Askeladden C62 X-over er bygd på det same skroget som populære C62 Cruiser, ein modell Askeladden lanserte under messa Båter i Sjøen hausten 2010.

- Båten er prisgunstig og skroget er veldig lettdrive, 21 sosiale fot tilrettelagt for påhengs er noko vi trur vil slå godt an i marknaden.

Med 150 hk går den over 6 meter lange båten i rundt 33 knop.

- For oss var det gledelig å få respons og honnør for den innsats som våre mange dyktige medarbeidarar har stått for, seier Leif Bergaas frå Askeladden Boats.