Kultur | 10. nov. 2020

Ny rapport om arbeidsmarknaden i åra som kjem

Fryktar at mangelen på unge med fagutdanning vil forsterka seg.

Ny rapport om arbeidsmarknaden i åra som kjem
Mengda unge med mastergrad (lilla) vil i 2040 passera dei med fagbrev (gul). (Ill.: SSB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. nov. 2020 14:16

Trenger flere med yrkesfag fra videregående skole

Det er inga utdanningsmesse på Nore Neset aktivitetshus denne hausten, men dei vidaregåande skulane i Bjørnafjorden kommune besøker ungdomsskulane for å presentera seg sjølv for elevar og foreldre.

I går kom rapporten «Framskrivinger av arbeidsstyrken og sysselsettingen etter utdanning mot 2040» frå Statistisk Sentralbyrå.

Denne ser ikkje berre på kva utdanning elevar har valt dei siste åra, dei tar for seg kor mange som går av med pensjon innan ulike yrke. I tillegg kjem framskrivingar for kva bransjar som får høgast behov for arbeidskraft inn som faktor.

Fleire med mastergrad enn fagbrev

Rapporten viser tydeleg at Noreg vil ha for få med yrkesfagleg bakgrunn frå vidaregåande dei neste åra. Behovet for arbeidskraft veks klart sterkare enn arbeidsstyrken, spesielt fagutdanning retta mot industri, bygg og anlegg og handverk, helsefagarbeidarar og sjukepleiarar.

– Det er allereie ein mangel på faglærde innan desse yrkesgruppene. Om ikkje det blir iverksett tiltak er det stor sjanse for at denne mangelen vil forsterka seg framover, seier seniorforskar Nils Martin Stølen til SSB.

Han har vore med på å skriva rapporten. Her kan du lesa heile.

Mindre innvandring gjer at veksta innan fleire yrkesfag vil flata ut og avta frå 2025. (SSB)
Mindre innvandring gjer at veksta innan fleire yrkesfag vil flata ut og avta frå 2025. (SSB)

Resultata viser òg at fleire vil ha høgare utdanning i åra som kjem.

– Vi kjem til å få fleire med bachelor- og masterutdanning, men det er ikkje sikkert at alle får ein jobb som krev det. Dette gjeld særleg utdanning innanfor økonomi og administrasjon, samfunnsfag og humanistiske fag, fortel Stølen.

Ifølgje framskrivingane vil vi i 2040, for første gong, ha fleire med mastergrad enn med fagbrev.

Sånn er mengda arbeidstakarar med bachelorgrad i ferd med å utvikla seg. (SSB)
Sånn er mengda arbeidstakarar med bachelorgrad i ferd med å utvikla seg. (SSB)

Auka og redusert behov i industrien

Sjølv om det er behov for fleire fagarbeidarar i industrien, er det ikkje venta at behovet for folk med høgare utdanning i denne retninga vil veksa. Snarare tvert imot.

– Personar med tekniske og naturvitenskapelege fag på høgare nivå har i stor grad vore tilsett i petroleumsnæringa og tilhøyrande industrien. Sysselsettinga i begge desse næringene er venta å bli lågare i åra som kjem.

Fag for fag: Vi får stadig fleire med mastergrad. (SSB)
Fag for fag: Vi får stadig fleire med mastergrad. (SSB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.