Samferdsle | ni timar sidan

Ny regel frå i dag: Utkøyring forbode frå Lundehjørnet

No er to av fire utkøyrslar frå Øyro stengte av.

Ny regel frå i dag: Utkøyring forbode frå Lundehjørnet
Innkøyring forbode der fleire er vant med å køyra ut av Os sentrum. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. mars 2026 14:34

Torsdag morgon blei nye skilt hengte opp i gata Øyro, nær Lundehjørnet, ut mot Byvegen.

Trafikk frå Coop Extra Osøyro, Instinct og Moberg sko kan ikkje lenger svinga til høgre, men må inn på Øyro.

– Vi skal kopla til ny kum som er gravd ned under parkeringsplassen ved sidan av bakeriet (tidlegare Lucianos), og treng ekstra plass, seier byggeleiar Odd Helge Henriksen i Bjørnafjorden kommune.

Det blir manuell dirigering på Byvegen på dagtid og lysregulering kveld og helg.

– Det vil vara i eit par veker, målet er å bli ferdig til påske.

Også fotgjengarfeltet mellom Os terminal og parkeringsplassen der Circle K (tidlegare Statoil) sto er stengt av.

Fotgjengarar må gå via Os stasjon og Esso.

– Det blir eit lite bidrag for å gi folk litt meir trim, sa Henriksen til Os & Fusaposten tidlegare i dag.

Delar av Øyro er einvegskøyrd. Den regelen blir kanskje endå viktigare å følgja no, når det kjem meir trafikk motsett veg. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Delar av Øyro er einvegskøyrd. Den regelen blir kanskje endå viktigare å følgja no, når det kjem meir trafikk motsett veg. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

Parallelt med arbeidet langs Byvegen, nær Øyro, har kommunen prosjekt i både Brugata og Torggata. Brugata er stengt.

Dermed har du to alternativ om du ikkje skal overnatta på Osøyro, ut Torggata og gjennom den overvaka parkeringsplassen framfor rådhuset – eller ut Landboden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?