Lokal | 17. mars 2011

Ny rekord!

Krafttak mot kreft: Russen ved dei to vidaregåande skulane i bygda sette ny innsamlingsrekord.

Ny rekord!
Andris Hamretorsdag 17. mars 2011 10:05

For russen har det blitt ein tradisjon å bidra i kreftforeninga sin aksjon "Krafttak mot Kreft". Onsdag gjekk snaut 100 russ for Os Gymnas og Os vidaregåande skule med bøsser i bygdo.

- Vi sette ny rekord, jublar PR-sjef Fredrik Gjerdevik.

Årets aksjon gav 78.346 kroner på bøssene. Med det samla dei inn vel 12.000 meir enn i fjor.

Godt mottatt

Sjølv om russen ikkje rakk innom alle husværa i Os blei dei godt tatt i mot der dei kom.

- Stemninga og gjevargleda var stor, fortel Gjerdevik.

Årets aksjon går til forskning på kreftformar kor overlevingsprosenten er låg. Kreft i lunger, spiserøyr og bukspyttkjertelen er blant dei tre kreftformane ein no vil intensivera forskninga på.

Bidra til å kurera kreft

Om du ikkje fekk besøk av russen, men ønskjer å bidra kan du:

  • Senda ein sms med KMK til 2277 og gje 50 kroner
  • Ringa 820 43 743 og gje 100 kroner
  • eller setja inn det beløpet du ønskjer på konto 1503.07.66056

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.