Kultur | 31. des. 2018

Ny rekord på Nore Neset

Over 600 kom for å høyra Untouchabl(u)es, Gunslingers og Vetrhus Bluesband.

Konfetti, pyro og allsong då Gunslingers spelte på Nore Neset i natt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. des. 2018 12:04

Bildeserie:

Vetrhus Bluesband runda av kvelden. (Foto: KVB)
Etter å ha slite ut ei campingvogn blei ny vogn innvigd av denne gjengen. (Foto: KVB)
Frivillige og 10 frå ambulanselinja klar for fest. (Foto: KVB)
Untouchabl(u)es. (Foto: KOG)
Untouchabl(u)es. (Foto: KOG)
Untouchabl(u)es. (Foto: KOG)
Untouchabl(u)es. (Foto: KOG)
Untouchabl(u)es. (Foto: KOG)
Publikum kom tidleg. (Foto: KVB)
Gunslingers. (Foto: KVB)
Gunslingers. (Foto: KVB)
Gunslingers. (Foto: KVB)
Gunslingers. (Foto: KVB)
Gunslingers. (Foto: KVB)
Pink Ladies er alltid på plass. (Foto: KVB)
Stødig skjenking. (Foto: KVB)
DJ Runa heldt varmen i publikum mellom slaga. (Foto: KVB)
Vetrhus Bluesband runda av kvelden. (Foto: KVB)
Etter å ha slite ut ei campingvogn blei ny vogn innvigd av denne gjengen. (Foto: KVB)
1 av 17
Etter å ha slite ut ei campingvogn blei ny vogn innvigd av denne gjengen. (Foto: KVB)
Frivillige og 10 frå ambulanselinja klar for fest. (Foto: KVB)
Untouchabl(u)es. (Foto: KOG)
Untouchabl(u)es. (Foto: KOG)
Untouchabl(u)es. (Foto: KOG)
Untouchabl(u)es. (Foto: KOG)
Untouchabl(u)es. (Foto: KOG)
Publikum kom tidleg. (Foto: KVB)
Gunslingers. (Foto: KVB)
Gunslingers. (Foto: KVB)
Gunslingers. (Foto: KVB)
Gunslingers. (Foto: KVB)
Gunslingers. (Foto: KVB)
Pink Ladies er alltid på plass. (Foto: KVB)
Stødig skjenking. (Foto: KVB)
DJ Runa heldt varmen i publikum mellom slaga. (Foto: KVB)
Vetrhus Bluesband runda av kvelden. (Foto: KVB)

Osfest-arrangør Os Live AS held fram med å gjera suksess i Nore Neset Aktivitetshus.

Lille nyttårsaften-arrangementet, som har tatt opp den gamle Fjellheim-tradisjon med storfest kvelden før kvelden, slo rekorden frå i fjor.

– I 2017 hadde vi 399 førehandsselte billettar, i år har vi over 500, sa Tor Egil Hylland mens Untouchabl(u)es var på scenen.

I år som i fjor blei det selt over 100 billettar i døra. Rekorden på 570 gjestar i 2017 blei slått med cirka 30 gjestar, trass arrangement på ein søndag, etter to dagar med gode livekonsertar på utestadane i Os sentrum.

Untouchabl(u)es klar for Osfest

Det lokale storbandet gjorde under Torgfesten i mai i år comeback - 11 år etter førre konsert.

• Frå øving: «We feel good»

Dei fekk rundt 200 publikummarar å spela for, og strålte frå scenen.

Det blei samtidig lansert at Untouchabl(u)es speler på Osfest 2019!

«I feel good» sto naturlegvis på plakaten, det same gjorde «You can leave your hat on». Apropos plakat, Otto Hægland tok opp igjen tråden frå Fjellheim og vandra i bakgrunnen med skilt som sa korleis publikum burde oppføra seg.

– No skal vi gjera noko vi aldri har gjort før, sa Geir Magne Johnsen Moberg, og drog ein julelåt ut av ermet.

Danseglade cowboyar

Etter å ha swinga seg til pop- og rockeklassikarar heldt DJ Runa publikum varmt mens dei venta på Gunslingers. To av bandmedlemmane sto fast på E39 grunna brann på Kaland, dermed blei det DJ frå klokka 21 til 22.25, ein liten halvrime lengre enn planlagt.

Publikumsmengda auka, og då Gunslingers gjekk på scenen tok det, som i fjor, fyr i stemninga.

Det var allsong frå første låt og dansing helt bak til midten av handballhallen.

Gunslingers hadde grep om publikum til siste strofe, og avslutta med konfetti, pyro og låten «Hardanger» som tredje ekstranummer.

Lufta gjekk noko ut av gjestane etter å ha tatt ut mykje krefter til våpendragarane frå Tørvikbygd, men Vetrhus Bluesband, frå djupare inn i Hardangerfjorden, gjekk ut i hundre med munnspel og energisk blues.

Vetrhus var nærmast for husband å rekna under Osøren Blues & Jazzfestival, og har tydelegvis framleis mange fans i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.