Kultur | 14. jan. 2020

Ny rektor ved Os ungdomsskule

Kjersti Wolden (48) har overtatt etter Kåre Lutro. Også Sturle Lekven er erstatta.

Ny rektor ved Os ungdomsskule
Kjersti Wolden. (Privat foto)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 14. jan. 2020 11:01

Etter over 20 år som lærar og leiar i Bergen skulevesen har Kjersti Wolden tredd inn som ny rektor på Os ungdomsskule.

Ho overtar etter Kåre Lutro, som har gått av med pensjon.

Kjersti Wolden har jobba som lærar i Fjell kommune i over 10 år, og har etter dette fungert i 10 år som avdelingsleiar på Ortun ungdomsskule i Fyllingsdalen. No er ho klar for nye utfordringar på Os.

– Eg har vore bergensar heile livet, men no blir det kjekt å gjera bjørnafjording av meg. Os ungdomsskule blir ei flott utfordring, seier Wolden.

Ferske leiarar på skulen

Os ungdomsskule har hatt fleire utskiftningar i leiinga. Assisterande rektor Sturle Lekven, som i ein lengre periode i fjor var fungerande, har blitt avdelingsleiar ved Årstad vidaregåande skule.

Lars Åge Olsen, som har vore avdelingsleiar ved Ytre Arna ungdomsskule, blir del av leiinga ved Os ungdomsskule, som ein av tre avdelingsleiarar.

– Eg er kjend med å løysa ting i lag med eit team, men det er litt nytt for meg at eg no sit med hovudansvaret. Vi i leiarteamet er ferske for Os ungdomsskule, og vi gler oss saman om å ta fatt på famtida til skulen.

– I startfasen har vi hatt litt utfordringar med IKT-en, men dette vil vi uansett løysa, og vi er ved godt mot.

Positivt møtepunkt i bygda

Med Os Aktiv rett rundt hjørnet gler den nye rektoren seg til det som ventar både elevar og lærarar ved Os ungdomsskule:

– Det skal bli rein lykke når dette blir ferdig. Os Aktiv blir eit stort løft for alle, og eg gler meg verkeleg til at dette blir ein positiv møteplass for ungdomen i Os, avsluttar Wolden.

Os Aktiv skal innehalda:
• Gymsal på 430 kvm med 7 meter takhøgde og 8 meter brei scene
• Aktivitetsplass under 224 kvm tak
• Garderobar
• 2. etasje med to klasserom og grupperom
• underetasje med rom for musikkundervising for Os ungdomsskule og Bjørnafjorden kulturskule
• Ung Arena
• kjellar med rundt 30 parkeringsplassar, lager og teknisk rom

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.