Ny runde med koronastøtte til næringslivet
Skal dela ut til saman 936.000 kroner lokalt.

Bjørnafjorden kommune har fått tildelt 936 000 kroner i ny tildelingsrunde vedtatt i Stortinget 24. januar 2022.
Midlane er no lyste ut.
Støtta vil bli fordelt med lik sum til kvar av dei bedriftene som er kvalifisert.
Føremålet er å avhjelpe situasjonen for den delen av næringslivet som har vore ramma av inngripande smitteverntiltak
Bransjane:
• servering
• overnatting
• sport og fritid
• reisebyrå og -arrangørar
• kunst og underhaldning og
• kongress-, messe- og utstillingsverksemder
Bjørnafjorden kommune vil særleg vurdere verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei tidlegare generelle kompensasjonsordningane.
Eitt eksempel er nystarta bedrifter.
På kommunen si heimeside kan du lesa meir om kriteria og kva som skal vera med i søknaden.
Søknadsfrist er torsdag 31. mars.
Støtta vil bli fordelt med lik sum til kvar av dei verksemdene som er kvalifisert.
Kommunen tar sikte på utbetaling i den påfølgande veka.
På regjeringa.no finn du oppdatert informasjon om dei ulike ordningane.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.