Ny singel frå Kurt Røttingen
«Ei tid for oss» kom ut i dag.
I 2020 kom vokalist og gitarist Kurt Røttingen frå Strøno med sine to første, eigne låtar, «Sekunda tikka i meg» og «Fri».
I dag slepp han si tredje låt, «Ei tid for oss».
Låten er skriven av Emil Nordtveit frå Mihty Magnolias.
– Eg likte både melodien og teksten med éin gong Emil sendte skissa til meg, seier Kurt til Midtsiden. Via chat på fiske med MS «Røttingøy».
Det er cirka eit år sidan.
No er låten ute, her er ein smaksprøve:
«Ei tid for oss»
Vokal og akustisk gitar: Kurt Røttingen
Bandet: Erik Rolland (gitar), Kai Taule (bass) og Helge Nyheim (perkusjon). Miriam Tumyr korar på låten.
Produksjon/mix: Havnelageret Studio ved Daniel Birkeland
Mastering: Bjørn Engelmann (Stockholm)
Distribusjon: EAN Music
– «Ei tid for oss» handlar om tapt kjærleik, at ting ikkje alltid går som vi tenker, men at det er alltid håp, fortel Kurt.
Kurt syng på norsk, på si eiga dialekt.
«Me skulle segla gjennom natto. Allting var so greit».
– Det blir litt bydame og stril med Miriam på finare bergensk på kor og meg på osamål, men det fiksa vi greit, og eg håper lyttarane liker kombinasjonen.
– Eg er heldig som får så god hjelp av ein strålande låtskrivar som Emil, og glad for at eg også har så erfarne, dyktige og ettertrakta musikarar med meg i studio.
– Derifrå tar Birkeland og legenda Engelmann det vidare til noko eg synest har gitt veldig god lyd på låten.
– Tre låtar til no, er det mål om album i nær framtid?
– Eg tar éin låt om gangen, så får vi sjå etterkvart kor mykje det blir.
– Er det avtalt noko spelejobb, at publikum kan venta seg å høyra «Ei tid for oss» live i nær framtid?
– Nei, eg har ikkje sjanse før til våren, ser det ut som. Det ligg an til å bli ein travel haust på havet, og usikkert kor tid eg er i land.