Næringsliv | 27. feb. 2019

Ny sjef på Montér

Stig Atle Gjøvåg (innfelt) har blitt salssjef i bergensområdet, Ketil Dybfest har overtatt som dagleg leiar på Os.

Ny sjef på Montér
Ketil Dybfest har overtatt etter Stig Atle Gjøvåg (innfelt) som dagleg leiar for 30 år gamle Montér Os Byggsenter. (Foto/arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. feb. 2019 09:42

Etter rundt ti år som dagleg leiar på Montér Os Byggsenter har Stig Atle Gjøvåg fått ny stilling i Optimera-systemet.

1. januar starta han som salssjef for proffmarknaden i Bergen og nabokommunane, noko som inkluderer Os, Askøy og Åsane.

Os Byggsenter blei del av Montér då Optimera i 2014 kjøpte den no 30 år gamle byggevarehandelen.

– Då stillinga blei lyst ut kjente eg at eg var klar for nye utfordringar. No har eg kontor på Minde, men har ansvar for seljarane ute i alle varehusa, inkludert dei på Os, fortel Stig Atle.

Seljarane tar seg av proffkundane, tømrar, byggmeisterar og andre firma i byggebransjen. Gjøvåg med stab på Minde skal gje fagleg støtte, samtidig som dei inngår avtalar med nye kundar.

– Det er ein del å setja seg inn i, eg har hatt nokre lærerike veker til no. Kundane er i fleire storleikar, frå tunge entreprenørselskap til små tømrarfirma. Med meg på laget har eg spesialistar innan varegrupper som dør, vindauge og kjøkken, så vi saman supplerer proffmarknaden på ein best mogleg måte.

Erfaren Montér-mann og ny osing

Erstattar som dagleg leiar på Montér Os Byggsenter, Ketil Dybfest, har lang fartstid i bransjen.

– I utgangspunktet tok eg utdanning for å bli elektriker, men byrja å jobba som seljar i elbransjen før eg byrja i Montér. Eg har jobba seks år på Minde og vore konstituert dagleg leiar i Åsane fram til eg overtok for Stig Atle på Os.

Dei nye kollegaene på Os kjenner han godt. Ketil flytta nemleg til Os for to år sidan, og har vore mykje innom det lokale byggevarehuset. Han har vakse opp på Sotra, fann seg kjæraste frå Fusa og budde på Sandsli til paret slo seg ned på Nore Neset.

To ambisjonar

– Eg trivst godt i ny stilling i mi nye heimbygd. Montér Os har mange flinke tilsette som har jobba her lenge.

– Kva vil du som ny sjef ha fokus på?

– Vi er sterke på proffmarknaden, men har òg eit stort utval for privatpersonar som skal pussa opp. Sjølv om byggevarehuset er 30 år gamalt, er det fleire tilflyttarar i bygda enn meg, så vi må halda fram med å gjera utvalet vårt kjent for flest mogleg.

– Samtidig er eg glad i fotball, så eg har ambisjonar om at vi skal stilla med bedriftslag på MidtsidenCup i år!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.