Lokal | 02. sep. 2019

Ny sjekk av beltebruken på buss

Heile denne veka skal kontrollørar frå Statens vegvesen sjekke korleis det står til med beltebruken i bussane som køyrer på Vestlandet.

Ny sjekk av beltebruken på buss
Trine Villanger er kampanjeansvarleg for Statens vegvesen, Region vest. (Pressefoto: SVV)   
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmåndag 02. sep. 2019 09:06

-Det er i bussar der det er eit påbod om å bruke belte vi kjem til å kontrollera, seier Trine Villanger som er kampanjeansvarleg i Region vest.

I ei spørjeundersøking gjort i vår kjem det fram at det no er færre som seier at dei i stor grad brukar belte i buss. Talet visar 69 prosent i 2019 mot 73 prosent i fjor haust.

Ungdom droppar belte

Undersøkinga viser og at ungdom tar oftare buss der det er belte montert.

-Dessverre er dei ikkje så flinke på å bruke belte. I aldersgruppa 16-29 svarar no berre 49 prosent at dei i stor grad brukar belte i buss. I fjor haust svara 58 prosent det same. Halvparten i denne aldersgruppa meiner det er sosialt akseptert å ikkje bruke belte i buss, seier Villanger.

Framleis godt kjent

Påbodet om å bruke belte i buss er etterkvart blitt godt kjent. 86 prosent av dei spurde svarar at dei veit at dei må bruke belte der det er montert.

-Målet vårt er at alle som har moglegheit skal feste belte kvar gong. Vi veit at setebeltet reddar liv like mykje i buss som i bil. I bussen kan konsekvensane bli enormt store om det skjer ei ulukke og passasjerane ikkje sit sikra, seier Villanger.

Viktig å treffa busspassasjerane

Villanger seier at i tillegg til alle kontrollane dei skal gjere, vil dei også vere til stades på bussterminalar i mellom anna Bergen, Førde og Stavanger.

-Forsking visar at kampanjar har effekt når vi gjer kontroll og informasjon i kombinasjon. Difor er det like viktig å treffe folk som brukar buss, og gjere dei medveten om kvifor det er så viktig å bruke belte også i buss. Som i fjor vil vi i år ta med oss elefanten som er eit verkemiddel når vi kommunisere ut bodskapen i kampanjen, seier Villanger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.