Lokal | 29. juli 2013

Ny skatepark på plass

Nore Neset oppgraderer utearealet ved skulen. Neste trinn er klatrepyramide, apejungel og musikkbinge.

Ny skatepark på plass
Skateparken kom på plass tysdag kveld. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. juli 2013 08:20

Tysdag blei skateparken levert og montert, torsdag hadde malinga størkna og sperrebanda kunne fjernast.

– Eg veit ikkje kor mange som har fått det med seg no midt i ferien, men banen er klar for bruk, seier Helge Asbjørnsen, leiar for foreldreutvalet ved Nore Neset skule.

– Det er Scansis som har levert skatebanen, den er i betong som er blitt det mest vanlege i det siste. Fordelen med betongelement er, i tillegg til at dei er solide, at dei skaper mindre støy når dei er i bruk, om det for eksempel er undervising medan nokon bruker banen.

Jan Erik Døsen i FAU har sørgja for å få laga ein betongplatting mellom skulen og aktivitetshuset, der banen har fått plass.

Fleire store investeringar

Planlegginga med opparbeiding av uteområdet rundt skulen starta for berre eitt år sidan.

Skateparken, som kom på 230.000 kroner, blir i september supplert med klatrepyramide for 390.000 kroner.

– Vi har brukt pengar som FAU har tent, blant anna på 17. maifeiringar i krinsen, som eigenkapital saman med pengegåver frå grendalaget og skulen.

– Også dugnad tel som eigenkapital.

– I tillegg har planen fått status som nærmiljøanlegg, og vi har fått innvilga spelemidlar, midlar Os kommune heldigvis har eit fond for å legga ut for fram til vi får dei overført.

Apejungel, musikkbinge og nytt dekke

I tillegg kjem ein apejungel og truleg også ein musikkbinge.

– Ingunn Fykse hos oss har organisert med apejungelen, som skal på plass borte ved rundkjøringa. Det er førebels uvisst kor tid den kjem.

– For musikkbingen står det førebels litt arbeid igjen med å få finansieringa på plass. Den eksisterande ballbingen skal få nytt dekke, der ventar vi på pris.

Skule og fritid

Foreldreutvalet legg vekt på at området kan brukast både i skuletida og på fritida.

– Sidan skulen blir rein barneskule om eit år, er det denne aldersgruppa vi har sikta oss inn på, seier Asbjørnsen.

– Men skateparken kjem nok også ungdomane til å ha glede av. I tillegg håper vi det kjem fine uteaktivitetar på den nye ungdomsskulen på Nore Neset, sånn at det totalt sett blir eit stort og breitt tilbod til ungar og ungdom på Nore Neset.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.