Lokal | 25. mai 2020

Ny snarveg til Halhjem?

– Misvisande skilting tre stadar, fortel bilist.

Ny snarveg til Halhjem?
Innringar meiner denne pila kan senda Halhjem-trafikken inn i Prestegardsskogen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. mai 2020 20:51

E39 Halhjemsvegen er stengt ved Ulvenvatnet, i sørgåande retning, måndag kveld.

Vegen er stengt grunna asfaltering, og arbeidet varer frå klokka 20 i kveld til 05.30 tysdag morgon.

– Det går greit å køyra om Osøyro, i alle fall for oss som er kjent. Andre vil nok kanskje slita litt, fortel ein Midtsiden-lesar.

Han ønskjer å vera anonym, men Midtsiden kjenner til at han har ein yrkesbakgrunn som betyr at han har peiling på dette med skilt.

Via Prestegardsskogen, Hatvik og Kuvågen til Halhjem?

Det er fleire ting innringar reagerer på.

– Eg kom retning frå Bergen mot Halhjem. Bilen før meg blei vinka opp i Industrivegen, som betyr omkøyring via Skeie.

– Så kom skiltinga, i rundkøyringa ved Amfisenteret peiker pila inn Prestegardsskogen. Som om dei ikkje har hatt nok semitrailerar i Prestegardsskogen og Banktjørnhaugen før. I Os sentrum peiker pila mot Hatvik, på Moberg mot Kuvågen.

Skal du nå ferja? Har det noko å bety om du hamnar på Hatvik eller Halhjem? (Foto: KVB)
Skal du nå ferja? Har det noko å bety om du hamnar på Hatvik eller Halhjem? (Foto: KVB)

Vil senda folk ut for å sjekka

Vegtrafikksentralen kjenner naturlegvis til arbeidet på E39, og pressevakta er einig med at målet med skiltinga er å senda trafikken som skal til Halhjem via Os sentrum, men kortaste veg.

– Vi vil senda plassansvarleg ut for å sjekka dette. Det er mogleg at nokon utanforståande har vridd skilta, men det er òg mogleg at dei er sett opp litt feil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.