Lokal | 04. jan. 2010

Ny snørekord?

I dag har snøen lagt i over 17 dagar i Os. Nærmar vi oss rekord?

Ny snørekord?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. jan. 2010 09:18

For 21. århundre blir fjorårets rekord på 17 dagar slått. I 2009 låg det snø på bakkane frå 5. til 21. januar. Skal vi tru langtidsvarselet blir den grundig slått, det er nemleg meldt kuldegradar også dei neste 10 dagane.

Det er venta delvis skya og opphaldsvèr i heile perioden, frå torsdag av skal temperaturane ned i under 10 minus igjen.
Sjå 10-dagarsvarsel for Osøyro på yr.no

Men vi treng kuldegradar i mange veker til for å nærma oss rekorden frå vinteren 1986/87. Då låg det snø samanhengande i 62 dagar på målestasjonen på Florida før den blei vekke. På Stend i Fana låg det snø i heile 96 dagar.

Hadde det ikkje vore for varmegradane 3. juledag hadde vi no hatt 28 dagar samanhengande med kuldegradar. Det hadde vore godt nok for topp 5 plassering i lista over lange kuldeperiodar.

Kjelde: NRK
(Tal for målestasjonen på Florida, Bergen.)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.