Ny standplass, ny stove - og ein skytebane for ungar
Os Jakt- og Fiskelag byr på hotdog og testskyting for små og store ved Ulvehiet måndag ettermiddag.


Bildeserie:
Os Jakt- og Fiskelag har dei to siste åra drive med opprusting av anlegget langs Ulvensletta.
– Vi starta med masseutskifting på sørsida av Ulvehiet (klubbhuset), og har no fått bygd ny bane med overbygd standplass og ei lita varmestove, fortel leiar i OS JFL, Hogne Markhus.
Frå før har dei ein 100-metersbane med overbygd standplass og to haglebanar, den eine med fem éinmannsskur så skyttar kan stå under tak.
No har dei bygd ein 50-metersbane.
– Passar spesielt bra for ungar
– Banen passar godt til trening for småviltjakt med 22 kaliber. Vi har tenkt at den er spesielt bra for ungar, kanskje den kan vera med på å gje auka rekruttering til jakt.
Banen har plass til ti skyttarar på standplass, men det er førebels montert berre fem skiver.
Klokka 18 i ettermiddag er det offisiell opning med grilling og skyting.
– Det blir hotdog og brus til ungane og kaffi til dei vaksne. Dei som vil kan få skyta og vi har våpen som gjestane kan låna.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.