Sport | 16. mars 2021

Ny sti gruslagt på éin dag

– Første rullestolbrukar har allereie kome seg til Kobbavågen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. mars 2021 08:40

I slutten av januar fortalte vi om Tommy Aasen og Redd Barna Cup sitt initiativ.

Dei ville rusta opp den eine stien mot Søramarkjo og Kobbavågen, igjengrodde og fuktige Elvedalen, som går frå Gjelevika ved Inka.

Vidare vil dei legga ny grus på stien som går opp til høgda over Kobbavågen.

Trinn éin blei finansiert av første sponsor som blei kontakta, veka etter fekk dei støtte til heile trinn to.

200 meter lange trinn éin blei gruslagt og ferdig onsdag 10. mars. (Foto: KVB)
200 meter lange trinn éin blei gruslagt og ferdig onsdag 10. mars. (Foto: KVB)

– Glad vi fekk hjelp av fagfolk

Mens Bergen Marinesenter og Sparebanken Vest sto for finansieringa, meldte BMV Berland Maskin og Vedlikehold seg til teneste for å laga drenering av den flate, våte dalen.

– Traseen til stien sa seg i grunnen sjølv, men det blei behov for nokre røyr på kryss og tvers for å halda vatnet mest mogleg unna stien. Eg er glad vi fekk hjelp av fagfolk med maskin til denne jobben.

Den flate, våte dalen fekk drenering på plass før duk og grus blei lagt. (Foto: KVB)
Den flate, våte dalen fekk drenering på plass før duk og grus blei lagt. (Foto: KVB)

Stilte med kvar si trillebår

Kent Ivar Mjølkeråen stilte med transport av grus, men det var ikkje mange meter inn i dalen denne kunne køyrast med beltetrillebår.

– I desse pandemitider ville vi heller ikkje samla for stort dugnadslag, så vi stilte 6-7 personar med kvar si trillebår.

I løpet av dagen, onsdag 10. mars, var all grusen lagt.

– Det var i alt 70-80 tonn med grus, så vi hadde ikkje trudd vi skulle rekka å bli ferdig første dag. Men då vi først kom i gang så gjekk det unna.

Beltetrillebåra kom seg ikkje langt inn i skogen, så det meste måtte transporterast manuelt. (Foto: Privat/Redd Barna Cup)
Beltetrillebåra kom seg ikkje langt inn i skogen, så det meste måtte transporterast manuelt. (Foto: Privat/Redd Barna Cup)

Klar til bruk

Første trinn, 200 meter gjennom Elvedalen, er ferdig med 1,5 meter brei, grusa sti.

– Trinn to er kupert og tørrare, men det er tatt noko drenering der òg, så ikkje den nye grusen skal bli skylt vekk for fort.

Trinn to går herfrå og opp bakken. (Foto: KVB)
Trinn to går herfrå og opp bakken. (Foto: KVB)

Store delar av dugnadsgjenger jobbar turnus, så neste trinn blir tatt etter påske.

– Men det er sjølvsagt berre til å bruka stien, og det ser allereie ut som om det er auka turgåing gjennom Elvedalen.

– Eg har òg høyrd at den første rullestolbrukaren har vore utover med ein Traxter. Ikkje berre på den nye grusen, men heilt til stupetårnet. Det er veldig gledeleg å høyra at det fine turterrenget allereie har blitt tilgjengeleg for fleire enn før, seier Tommy Aasen.

Mens trinn to blir tatt etter påske, er det mange som har glede av trinn éin. (Foto: KVB)
Mens trinn to blir tatt etter påske, er det mange som har glede av trinn éin. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.