Brann og beredskap | 18. juni 2023

Ny terrengbrann mellom Os og Samnanger

Fare for at fylkesveg blir stengt igjen.

Frå brannen som braut ut onsdag denne veka. Mannskap frå Os deltok det første døgnet. (Foto: Bjørnafjorden brann og redning)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. juni 2023 11:47

– Det er fare for at fv 579 mellom Os og Samnanger blir stengd, skriv Vegtrafikksentralen på Twitter klokka 13.42.

Årsaka er sløkking av terrengbrann i Rolvsvåg.

Det er truleg i same terreng som skogbrannen tidlegare i veka, fem kilometer inn i Samnanger frå kommungrensa til Bjørnafjorden.

110-sentralen (brannvesenet) har foreløpig ikkje gått ut med ny melding i dag, men skreiv laurdag ettermiddag at det hadde blussa opp igjen brann i same område som dei sløkte frå onsdag til fredag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.