Lokal | 04. mars 2019

Ny Torghatten-ferje kom til Halhjem

I går kom MF «Huftarøy» til Halhjem, i dag har MF «Samnøy» gått til Sandvikvåg.

Ny Torghatten-ferje kom til Halhjem
MF «Huftarøy» til kai på Halhjem søndag. (Lesarbilde, foto: Arnfinn Edvardsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. mars 2019 12:11

Onsdag i førre veke, ei god veke etter avreise frå Tyrkia, la MF «Huftarøy» og MF «Samnøy» til kai på Rubbestadneset på Bømlo.

Ferjene er dei to første av komande fem nye ferjer som skal gå mellom Halhjem og Sandvikvåg etter at Torghatten Nord AS overtok sambandet 1. januar i år.

• Les òg: Trøbbel med nye ferjer på Halhjem-Sandvikvåg

Søndag la MF «Huftarøy» til kai på Halhjem, og hadde noko som såg ut som prøvetur mellom Halhjem og Sandvikvåg.

Ifølgje MarineTraffic.com gjekk MF «Samnøy» frå Rubbestadneset til Sandvikvåg i dag.

Omfattande testing

Hobbyfotograf Erik Ask tok fleire bilde og dronefoto av ferja søndag. Desse kan du sjå i dette Facebook-innlegget.

Fire av dei nye ferjene skulle blitt levert i 2018, mens den femte skulle koma i 2019.

Kor tid dei to første av dei nye ferjene skal i drift, er førebels uvisst. Først skal dei gjennom omfattande testing.

– Det er mykje som skal sjekkast ut. Kor tid vi kan sjå dei nye ferjene over Bjørnafjorden tør eg ikkje seia noko om, sa driftsleiar Fredrik Moe i Torghatten Nord til avisa Sunnhordland, ifølgje BT.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.