Musikk | 27. mars 2026

Ny video- og podkastserie: Os Rock City

Fleire sjangrar står på menyen, men vi startar med rock. Første gjest er Alexander Dymbe.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 27. mars 2026 19:00

Os Rock City er ein ny musikkpodkast av Midtsiden frå mars 2026. Her kan du bli betre kjent med lokale musikarar i ulike sjangrar, få morosame tilbakeblikk og informasjon om aktuelle produksjonar og planar.

Programleiar: Ørjan Håland.

Episode 1: Bomma totalt på Aurora

Dagens gjest: Alexander Dymbe

Dymbe var del av bandet Manheads, som i 2009 tok seg til Urørt-finale. Bassisten fortel om denne tida og åra etter, og deltar som sparringspartnar for å drøfta, kva bør vi venta oss av podkasten Os RockCity?

  • Episoden er allereie lasta opp som lyd på Spotify og andre stadar der du lyttar til podkast.
  • Os Rock City vil koma med minst éin ny episode i månaden. Neste episode kjem allereie i påsken.

Har du spørsmål eller innspel til denne podkasten? Kontakt programleiar på orjan@midtsiden.no.

Om namnet på podkasten: Os Rock City er eit omgrep som har blitt brukt om lokale rockeband og -musikk i fleire tiår, etter at Furia i si tid trykte det på tskjortene sine – inspirert av KISS sin «Detroit Rock City» – men altså ein pod med fleire sjangrar på menyen i episodane som kjem.

Dette er ein av to nye video- og podkastar på Midtsiden, TETT PÅ kom med ny episode for drygt to veker sidan.

Programleiar Ørjan Håland har lang fartstid i Midtsiden-redaksjonen, der han blant anna, i serien SakkoSekkStudio, saman med Kjetil Osablod Grønvigh, intervjua både politikarar, næringsdrivande og musikarar. Inkludert Aurora.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?