Ny vri på rekrutteringa: Lær å spela eit instrument på fire kveldar

Koronapandemien har gjort at Os skulekorps må tenkja nytt.

Emilie Linnea spelar i juniorkorpset til Os skulekorps. No vil ho og resten av korpset ha nye medlemar. Foto: Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 30. aug. 2020 09:58

– Rekrutteringsarbeidet er ein viktig del av det å driva korps, og korpset treng ei jamn tilstrøyming av nye medlem for å halda oppe både nivå og aktivitet, seier dirigent i Os skulekorps, Marius Fevang Thorstensen.

Saman med korpsleiar Øyvind Hop har Thorstensen opplevd eit skulekorps i solid medvind dei siste åra, både innan medlemsmasse og når det kjem til konkurranseresultat.

• Les òg: Spelte seg inn i førstedivisjon (2017)

Då koronapandemien kom i mars, måtte Os skulekorps sjå at det årlege rekrutteringsarbeidet på skulane i kommunen vart avlyst.

– Kvart år reiser vi rundt på skulane i mars for å spela for elevane. Dette fører normalt til god rekruttering, fortel Hop.

– Her får ungane i tillegg til å høyra om korpset og prøva dei ulike instrumenta. Men med smitteverntiltaka som kom vart jo dette heilt umogeleg å gjennomføra.

Korpsleiar Øyvind Hop (t.v.) saman med dirigent Marius Fevang Thorstensen og Os skulekorps. Foto: KOG

Reiste seg i Oseana

At skulekorpset i tillegg fekk ei heller dårleg oppkøyring til vårsesongen og 17. mai, stogga ikkje korpset frå å halda saman. Thorstensen fortel at gjennom den første perioden, kor det ikkje var lov å samlast, heldt korpset saman digitalt.

– Det var heilt klart ein krevjande periode for korpset, men via digitale plattformar fekk vi til eit sosialt samhald for medlemane. Det var teknisk ikkje mogleg for korpset å øva på denne måten, men medlemane kunne mellom anna gjera eigne innspelingar som dei sendte til meg.

Thorstensen meiner samstundes at det å ha øvingslokale i Oseana var avgjerande i denne perioden;

– Etterkvart som det vart lov å møtast i større og større grupper var det godt å oppleva velviljen og tilrettelegginga frå Oseana si side.

– Med den plassen huset tilbyr fekk vi stabla oss på beina slik at vi var klare til å spela på 17. mai, og til slutt kunne vi jo òg ta i bruk vårt eige lokale i Vargasalen, då med eigen smittevernvegleiar for musikkøvingar i botn.

Då Oseana etterkvart lanserte sommarprogrammet sitt, var det med ei eiga korpshelg 20. og 21. juni.

Laurdagen var det konsert med Os skulekorps og Lyshornet skulebrass, og søndagen inviterte Os Musikkforening til konsert i storsalen i kulturhuset.

Musikkreisen 2020: Gratis kurs over fire kveldar

Sjølv om det årlege rekrutteringsarbeidet ikkje vart som planlagd, har Os skulekorps denne veka lansert konseptet «Musikkreisen 2020».

– Vi inviterer rett og slett 15 ungar i alderstrinnet tredje- til sjetteklasse på ei musikkreise, fortel Hop.

– I løpet av fire torsdagar vil ungane få læra å spela eit instrument, og reisa vert avslutta med ein konsert for alle foreldra.

– Men kan du faktisk læra å spela eit instrument på berre fire øvingar!?

– Du kan faktisk læra meir enn det du trur, sjølv på ei så kort tid. Målet er å gje ungane meistringsfølelse så tidleg som mogleg, seier Thorstensen.

Hop seier at dei som melder seg på konseptet vil bli leia av vikarierande aspirantkorps-dirigent, Ingrid Hollingen Westad, og at det ikkje er bindande å vera med i korpset etter reisa.

– Vi styrer i stor grad kva for instrument du tar reisa med, då i hovudsak klarinett og kornett, men etter det kan det nok gjerast endringar etter kva ungane sjølv vil, og ikkje minst kva for instrument vi treng rekruttering til.

Vikarierande aspirarantkorps-dirigent, Ingrid Hollingen Westad skal rettelaia deltakarane. Her frå øving med juniorkorpset. Foto: KOG

Givande å ha musikk i livet

Både Hop og Thorstensen understreker at styremedlem i Os skulekorps, Siri-Linn Schmidt Fotland, skal ha mykje av æra for den nye rekrutteringsmodellen korpset no har lansert.

Fotland fortel sjølv at ideen, den kjem frå arbeidet med Lyshornet skulebrass;

– Vi har hatt stor suksess med å lata alle tredjeklassingane på Lysekloster barneskule, som ein del av musikkundervisninga, spela kornett. Desse gode erfaringane har vi teke med oss inn i «Musikkreisen 2020».

– Det er er heilt klart givande for ungar å ha musikk inn i livet, og eg meiner det er like bra og viktig som til dømes idrett.

– Det å la ungane få prøva tidleg, og i ei sosial ramme, er grunnleggjande i rekrutteringsarbeidet vi gjer. Målet vårt er å gje desse 15 ungane ei så god som mogleg oppleving her i skulekorpset.

Fotland fortel at du finn informasjon om korleis du melder deg på «Musikkreisen 2020» på skulekorpset si Facebook-side, og sjølve «reisa» startar torsdag 10. september.

– Det er framleis plassar att, men allereie no har vi tre påmelde ungar, avsluttar Fotland.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.