Lokal | 28. mars 2019

Nybygget KNM «Maud» seglar i Bjørnafjorden

I morgon er det staseleg mottaking på Haakonsvern - i dag er to osingar i fjorden heime etter månadar på tur frå Sør-Korea til Noreg.

Nybygget KNM «Maud» seglar i Bjørnafjorden
KNM «Maud» sett frå Røtinga i ettermiddag. Innfelt; Joys og Leganger-Hansen frå Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. mars 2019 15:56

Statsminister Erna Solberg og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen er på plass når nybygget KNM «Maud» legg til land på Haakonsvern.

I dag har «Maud» (sjå fakta nedst i artikkelen) vore innom Os, og skipet held fram med å segla i Bjørnafjorden utover kvelden og natta.

– Det er godt å vera heime igjen! seier Tom Bugge Leganger-Hansen.

Han har vore om bord sidan han reiste til Sør-Korea 5. januar. Turen heimover starta 3. februar.

– Eg var innom gjestebrygga med lettbåten ein rask tur, for å levera noko. Eg såg far min i ein bil på kaien, men det var så travelt at eg rett og slett måtte ringa han mens eg køyrde ut til Maud igjen.

Leganger-Hansen er matros om bord. Sambygding Fridtjof Joys Christensen er operasjonsoffiser.

Logistikkskip til to milliardar kroner

Tom var tok læretida i Sjøforsvaret før han for rundt 12 år sidan fekk jobb på førre logistikkskip, KNM «Valkyrien», som blei tatt ut av teneste i juni 2015. Sidan har han følgd byggeprosessen med KNM «Maud».

– Det har blitt mange turar til Sør-Korea, og mange lærerike dagar på jobb, synest matrosen.

Maud er langt større, meir moderne og betre utrusta. Logistikkskipet skalforsyna norske krigsskip med alt frå ammunisjon til drivstoff, og kan, i motsetnad til Valkyrien, gi drivstoff til båtar i fart, frå 40 meters avstand.

– Kan Maud òg forsvara seg sjølv?

– Den er meint å gå med samla styrke, og skal å vera godt beskytta av resten av flåten. Men den blir utstyrt med 12-7, så den kan beskytta seg sjølv mot mindre fartøy.

Idyllisk heimereise

Frå Korea gjekk turen til vestkysten på USA, nærmare bestemt San Diego, der Maud skulle fylla fartøyet med last som skulle til Noreg. og besetningen på Haakonsvern i Bergen.

– Vi hadde fint vêr på turen, og vi testa lettbåtane fleire gongar. I Stillehavet såg vi fleire havskilpadder og kvalar, å gå gjennom Panamakanalen var ei oppleving i seg sjølv, og Karibien var heilt nydeleg! Turen heim blei ei flott oppleving! synest Tom.

Maud var blant anna innom De nederlandske Antiller, rett aust for idylliske Curaçao, for etterforsyning før kryssing av Atlanterhavet. Turen gjekk gjennom Den engelske kanal og vidare til Tananger før Maud gjekk innaskjers opp kysten. I går kom skipet til Hardangerfjorden, i dag seglar dei i Bjørnafjorden fram til mottakinga i morgon.

– Dei neste vekene skal det monterast og testast utstyr, så det kan bli fleire turar i Bjørnafjorden i tida som kjem.

KNM «Maud»
• Noregs nye logistikkskip.
• Lengde: 183 meter
• Breidde: 25,9 meter
• Bygd ved verftet Daewoo Shipbuilding and Marine Engineering (DSME) i Busan, Sør-Korea.
• Skulle vore overlevert i 2016, men har blitt utsett fleire gongar.
• Sjøforsvaret heiste kommando på fartøyet 18. november 2018. Søndag 3. februar 2019 segla «Maud» frå Sør-Korea.
• Pris: ca 2 milliardar kroner.
• Skal støtta alle Sjøforsvaret sine fartøy. Kan setje opp det som blir kalla rolle 2-sykehus (plass til opptil 48 personar), har eigen helikopterhangar med plass til to NH-90, har verkstadhall og kan frakta 400 tonn på dekk. I tillegg kjem tre store lasterom – spesielt godt eigna for våpen, ammunisjon og missilar.
• Kan frakta 9.300 kubikkmeter drivstoff.
• KNM Maud er venta å vera operativ i starten på 2020.
Kjelde: Forsvaretsforum.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.