Kultur | 01. okt. 2011

Nydeleg av Myrna

Braza og båtbygging passar fint saman, det blei ein skikkeleg kosekveld i Vognhallen fredag.

Nydeleg av Myrna
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. okt. 2011 06:52

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Fredag arrangerte båtbyggarane Bjørnevik og Kvalvik konsert i Vognhallen.

Kva som blei feira er uvisst, men dei to er nesten ferdig med halsane til åttringen dei bygger, og desse halsane har blitt hogne for hand, så kanskje var avslutta halshogging verdt ein liten fest med ein god konsert?

Heimelaga

Uansett var det gjennomført og stemningsfullt denne siste septemberkvelden, som forresten blei ein av årets varmaste kveldar (!).

Publikum kom sigande frå nord og sør og løyste billettar som besto av trefliser med merke frå sprittusj.

Plattingen som båten blir bygd på eigna seg godt som scene, og publikum fekk både sider, peanøtter og tebrød.

Litt av neste plate

Men først og fremst fekk dei ein fin konsert av ei Myrna, som såg ut til allereie å vera klar for kveldens neste konsert, på Bar2Be.

Bergensartisten med kjæraste og produsent frå Os (Thomas tomtom Bruarøy Haugland), fann seg fort tilrette i Vognhallen. Det gjorde også Thomas, Olav, Ellen og Fredrik i bandet - det blei uformelt, leikent og groovy.

Myrna starta med Crazy før ho gav oss smakebete av albumet som kjem i haust i form av My Cocaine.

Medan nysgjerrige tilskodarar stoppa på fortauet utanfor Vognhallen serverte Braza låtar som Changes og Free as a Bird, lett akkompagnert av måseskrik og putringa frå påhengsmotorar på veg på fjorden for ein av årets siste båtturar.

Midtsiden kjem tilbake med video frå konserten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.