Nydelege Annie
VIDEO: Nesten 1000 såg Annie i Oseana i helga. Camille Rød strålte i rolla som den optimistiske barneheimsjenta på jakt etter foreldra sine.
Bildeserie:
– Det var veldig kjekt å få spela stykket for eit så stort publikum og i eit så flott kulturhus, seier Marianne Juvik Sæbø frå MusikalHuset.
Annie har gått for fem fullsette hus på MusikalHuset sin heimebane i Florvåg på Askøy, eit hus med plass til 160 i salen.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
– Større publikum og flotte fasilitetar var spennande for både oss arrangørar og for skodespelarane.
MusikalHuset sin Annie er tru mot originalen, men hadde ein litt lokal touch, med striledialekt frå Askøy som glei over til pen bergensk hos Miss Hannigan, spelt av Marianne Juvik Sæbø sjølv, då ho skulle smiska med andre vaksne - eller med president Roosevelt.
Roosevelt blei spelt av fylkesordførar Tom Christer Nilsen, som ikkje har særleg teatererfaring, men som saman med fleire av dei vaksne skodespelarane syng i koret Roots på Askøy.
Ei heil rad med slekt frå Os
90 ungar møtte til audition då MusikalHuset annonserte etter skodespelarar til Annie.
To av dei har delt på hovudrolla som Annie, Camille Rød frå Bergen og Celine Borge Gjevik frå Askøy. Camille sin far er osingen Hallstein Rød frå Hegglandsdalen.
– Camille har vore ein del i Os før, både på besøk og i Oshallen for å spela handballkamp med Årstad mot Os, seier pappa Hallstein.
– Og ho var ekstra spent før framsyninga i Oseana. Vi var 20-25 slektningar, farmor, onklar og tanter, kusiner og fetrar, i salen. Fleire av oss var på middag på Færingen saman før showet starta.
Fersk på scenen
12 år gamle Camille strålte i rolla som Annie. Ho var stødig på dei mange krevjande låtane og kommuniserte tydeleg med publikum når det kom til sjølve skodespelaroppgåvene.
"Søren også", sa Annie då det såg ut som at hennar komande adoptivfar, styrtrike Oliver Warbucks, ikkje hadde tid til å bli med ho på kino. Og publikum lo.
– Vi var heldige og fann to ulike, men sterke hovudrollefigurar, seier Marianne Juvik Sæbø.
Like imponerande er det at Camille knapt har sceneerfaring.
– Ho sit og syng framfor pc-en og har nyleg byrja å ta songtimar. Men dette tok ho på strak arm, kvar ho har det frå veit ikkje eg, seier Hallstein.
Les òg: Er tru mot originalen
Avsluttar i Fana
Søndag var det 28. oktober, datoen rollefiguren Annie ifølgje manus har bursdag. Bursdagen, og dei vellukka framsyningane i Oseana, blei feira av 50 involverte i stykket - heime hos Sæbø.
Éi framsyning står igjen, i Fana Kulturhus førstkomande laurdag (kl 17.00).
Annie er ein amerikansk musikal frå 1977 med musikk av Charles Strouse, tekst av Thomas Meehan og songtekstar av Martin Charnin. Framsyninga, som gjekk heile 2.377 gongar på Broadway, er basert på teikneserien Little Orphan Annie skriven av Harold Gray i 1924. Denne igjen er inspirert av diktet med same namn skrive av Jacob Whitcomb Riley allereie i 1885.
Regi: Raymond Corrado Knutsen
Musikalsk leiar: Elisabeth Vannebo
Koreograf: Ann-Sofie Jonsson (Sæbø sin partnar i MusikalHuset)
VIDEO (3:23): Sjå delar av framsyninga i Oseana fredag 26. oktober. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.