Sport | 21. juli 2015

Nye ansikt på Kuventræ

Os mister Borgen og Tune - men hadde i går både nye og kjente ansikt i sving på trening.

Nye ansikt på Kuventræ
Devante Dubose (øvst til venstre), Rafael Villén (øvst til høgre), Egil Thuen og Hassan El Fakiri var alle i trening på Kuventræ måndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. juli 2015 20:46

Førebuingane til haustsesongen, som for Os startar med heimekamp mot Stord laurdag 1. august, er i gang. I helga var Os på treningsleir i Endre Brenne si heimbygd Strandebarm, i går var A-laget i sving på Kuventræ.

Med på treninga var blant anna to utanlandske spelarar, tidlegare Os-spelar Egil Thuen og ein hovudtrenar Hassan El Fakiri som var noko meir svett enn gradestokken kunne forklara.

– Dei to utanlandske spelarane er forsvarsspelar Devante Dubose frå USA og midtbanespelar Rafael Villén frå Spania, fortel styreformann Knut Haddal.

Rafael var her også ei veke i juni, der jobbar vi konkret med å få til ein avtale. Devante er ny for oss og førebels på prøvespel.

Denne veka kjem også ein annan amerikanar, ein keeper som skal studera i Bergen, til Kuventræ for å trena med Os.

Mister fleire spelarar

Tidlegare i sommar blei det klart at toppskårar Christer Olsen går til Lysekloster. No har også midtstoppar Børge Borgen fått svar, han kom inn på politihøgskulen og flyttar frå Os.

I tillegg mister Os nykomar Sebastian Skåre Tune, som gjorde god figur i vår.

– Vi hadde ein avtale om ein eventuell retur til Øystese i sommar. Dessverre vil Tune nytta denne. Også Stord viste interesse før denne gode høgrebacken, fortel Haddal.

– Det er trist å mista to så gode spelarar halvvegs i det som til no har vore ein tung sesong.

Også Håvard Grøteide, Stian Bakke og Aksel Skaar går frå Os, Grøteide grunna skule i Sogndal, Skaar grunna førstegangsteneste.

Egil er klar for å satsa

Egil Thuen, som fyller 20 år på laurdag, er tilbake i Os etter eit år på folkehøgskule. Han har ikkje spelt på Os sidan 2013.

– Etter skade i rygg og kne i 2013 mista eg motivasjonen og gjekk ned i divisjon til Søre Neset og Nore Neset. I vinter spelte eg med juniorlaget til Djerv 1919, i vår spelte eg nokre kampar med Nore Neset.

– No er eg gira på å satsa igjen, så eg ringte Ørjan Håland (assistent-trenar for Os) og han ønskte meg heldigvis velkomen.

Thuen seier han er skadefri, men i dårleg form. I første omgang er han interessert i å trena for å bli aktuell for 2016.

– Vi er veldig glade for at ein spelar som Egil tar kontakt på denne måten. Han er eit av dei største talenta Osbygda har sett på mange år, og har nokre heilt spesielle eigenskapar. Eg trur ikkje det går lang tid før vi har han i form igjen, og han kan nok bli god når vi med Os 2 skal kjempa om opprykk til 4. divisjon i haust, seier Håland.

– Om vi også får bruka han på A-laget i løpet av hausten så blir det ein bonus.

Skal Hassan på banen?

Blant spelarane var hovudtrenar Hassan El Fakiri i full sving. El Fakiri spelte fleire kampar med Brann i Tippeligaen i fjor, og har rykte på seg for å vera den på Brann som var i best fysisk form.

Han vil sjølv ikkje kommentera om han skal på banen for eige lag, men ser ut til å vera i form til det.

– Vi hadde mykje problem med skade i stallen i vår, så Hassan har hatt på seg fotballsko ei stund. Han held seg i form, men det er ikkje bestemt om han skal spela, seier Håland.

Sjølv er Hassan nøgd med den korte treningsleiren i Strandebarm.

– Vi blei godt mottatt av Brenne sine venar og fekk trena på ein fantastisk grasbane. Vi har gjort nokre justeringar på korleis vi står, for å unngå å bli for spreidd ved tap av ball, så mykje av treningsleiren gjekk med til trening på formasjon.

Hjertnes og Kanestrøm tilbake frå skade

Både kaptein Torkel Hjertnes og visekaptein Erik Kanestrøm var skadd i fleire rundar før ferien.

Hjertnes kom på banen heilt på tampen av vårsesongen, no ser også Kanestrøm ut til å vera i form.

– Han var med for fullt på trening tysdag kveld, det var godt å sjå. Det er mogleg han står over treningskampen vi skal ha mot Sotra laurdag, men eg reknar med vi har han klar til seriekampen mot Stord laurdag 1. august, seier Håland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.