Næringsliv | 10. jan. 2019

Nye eigarar i Tønjumgården

– Ein god stad å profilera seg, seier kjøpar, som vil leiga ut kontorfellesskap i andre etasje.

Nye eigarar i Tønjumgården
Mens Coop skal utvida inn i 1. etasje vil Bjørnefjorden Invest bygga kontorfellesskap i 2. etasje. Øvste høgda er privateigde bustadar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. jan. 2019 10:04

I juli i fjor blei det kjent at eigar av nabolokalet, Midtpunkt AS, har kjøpt 1. etasje av Tønjumgården. Her vil Coop leiga for å auka frå Prix til Extra.

No har Tønjum-familien, som tidlegare dreiv lampebutikk, elektroforretning og interiørbutikk i to etasjar, selt også 2. etasje av bygget. Øvste etasje blei, då bygget i 2001 var nytt, selt som leilegheiter.

Kjøpar er Bjørnefjorden Invest AS, eigd av Thomas Olsen, Kjell Morten Søvik, Stein Ole Moberg og Jan Eirik Tvedt Skjeldal.

– Vi blei einige om ein avtale i haust og overtar etasjen 1. februar, fortel Thomas Olsen.

Vurderte å bygga bustadar

Bjørnefjorden Invest kjøpte i 2016 «Lehrmann-bygget», som dei pussa opp og leigde ut til Baronssen og Jonas Grill. I fjor kjøpte dei nedste etasje i Stegen 2, nabo med restauranten Lucianos, eit kontorlokale som dei saman med eigar i etasjen over har ambisjonar om å gi eit løft.

I Tønjumgården hadde dei først ambisjonar om å laga fire leilegheiter.

– Finansiering og frikjøp av parkering og leikeareal blei så kostbart at leilegheitene ville fått ein pris vi trur ville vore vanskeleg å selja for.

No vil eigarane leiga ut kontor i staden.

Små og større firma

Lokalet er på rundt 300 kvadratmeter, har heis og inngang frå begge kortsidene på bygget.

– Standarden er god og plasseringa er fin, spesielt for dei som ønskjer profilering. Bygget ligg flott til i innfartsåra til Os sentrum, med to fasader å henga skilt på.

– Det er naturlegvis ope for at éin leigetakar kan ta heile etasjen åleine, men vi reknar med at det er ein større marknad for fleire mindre leigetakarar. Førebels ventar vi med å pussa opp og dela inn, vi vil først sjå responsen i marknaden.

– Men vi står klare til å innreia lokalet så snart dei første leigetakarane er på plass, seier Thomas Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.