Alle reiser frå nye Flesland startar - og sluttar - her. Som Gardermoen er det avreise oppe og ankomst ned. Langs underetasjen er endestopp for Bybanen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Nye Flesland opnar i år

Bergen lufthavn blir fire gongar så stor: Midtsiden har vore på omvising, sjå stor bildeserie.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Dagens Flesland blei i 1988 bygd for 2,8 millionar årlege reisande, og på 2000-talet utvida til ein kapasitet på 3,4 millionar. I fjor var det 6 millionar reisande.

Når nytt terminalbygg er ferdig, i august i år, aukar arealet frå 22.000 til 85.000 kvadratmeter - bygd for 7,5 millionar reisande, men med reell kapasitet på 10 millionar - og med potensiale for utviding.

– Det blei gått fleire rundar med analyse og kvalitetssikring for å undersøka om den gamle terminalen kunne utvidast, før vi gjekk i gang med denne nye, seier lufthamndirektør Aslak Sverdrup i Avinor.

I 2013 starta det førebuande arbeidet, i 2014 var det byggestart. Torsdag 17. august 2017 er planlagt opning for nye Flesland.

Frå 14 til 21 «gates»

Den nye terminalen er eit skalerbart bygg som kan utvidast der det blir behov. Til dømes kan den delen der tryggleikskontrollen ligg utvidast for seg, eller berre den delen der gate-ane ligg.

Talet på «gates» der du går direkte om bord i flyet (brutilnytta flyoppstillingsplassar) aukar frå 10 til 15 (6 i ny terminal). I tillegg aukar talet på utgangar for buss til fjernparkert fly, frå 4 til 6, altså ei samla auke frå 14 til 21 utgangar. I første omgang.

Effektiv og kompakt - stor og open

Alle reiser frå nye Flesland startar i den nye terminalen. Skal du utanlands, eller til enkelte innanlandsreiser, går turen vidare etter innsjekk og tryggleikskontroll, i ny korridor til den gamle terminalen.

Det nye terminalbygget er i tre etasjar:
• Underetasjen er lager, garderobar og anna areal utan tilkomst for publikum. Langs underetasjen er òg endestasjon for Bybanen.
• På bakkenivå er ankomsthall, buss, drosje og korttidsparkering for påstiging for dei som hentar privat - i tillegg til rulletrapp ned til Bybanen.
• Andre etasje er billettservice, innsjekk, tryggleikskontroll og utgang til fly «gate», med venteareal, butikk- og serveringstilbod.

Førsteinntrykket av nye Flesland er at terminalen liknar Oslo lufthavn Gardermoen, noko som kanskje ikkje er rart, då det er same arkitektkontor, Nordic Office of Architecture, som står bak.

Eit anna tidleg inntrykk er at nye Flesland blir både stor og open, og kompakt og effektiv. Når den er opna kan vi igjen «køyra til døra» for av- og påstiging, opp rampen til 2. etasje og avreise.

Inne i terminalen er alt intuitivt lagt opp. Sjølv om hallen er stor og open, kan du frå inngangsdøra sjå heilt til utgang til flya/gate.

Billettsal og innsjekk går i full breidde, og bagasjen blir sendt få meter bak og rett i ein hurtiggåande heis. Det er ingen tversgåande bagasjeband i bakkant slik som i dag. Dermed kan du spasera vidare rett framover, forbi disken etter avlevert bagasje.

Den nye terminalen får energitiltak som sparer 2 millioner kWh energi i året. Det tilsvarer energiforbruket til 125 norske eneboliger.

Sikkerheitssjekk i ditt eige tempo

Tryggleikskontrollen aukar frå 3+2 til 8 punkt. Ved sidan av den 45 meter breie tryggleiks-sonen er det toalett og kontor for nødpass og for avlevering av spesialbagasje.

– Den nye terminalen får «fast-track» sluse, familiesluse og nytt system for å gjera seg klar til passering. Du kan passera sikkerheitskontrollen i ditt eige tempo, raskt eller avslappa.

Mellomlanding med ei natt i Bergen?

– Det nye bagasjeanlegget kan handtera 2500 koffertar i timen. Det er meir enn ei dobling frå kapasiteten i den terminalen vi har i dag. 

I tillegg får den nye terminalen eit «tidleg innsjekk»-lager med plass til 600 koffertar.

– Det betyr at mange fleire kan sjekka inn tidlegare enn 2 timar før avreise, til og med dagen før, om dei for eksempel kjem til Bergen frå Sogn på ettermiddagen, og skal til Syden med eit tidleg fly morgonen etter.

Det er òg to nye hotell under bygging, Nordic Choice og Scandic, som begge opnar i år.

Fleire direkteruter

Med sprengt kapasitet på den gamle terminalen har det ikkje vore mogleg å innfri ønskje frå flyselskap som ønskjer nye direkteruter til eller frå Bergen.

Frå sommaren opnar det endeleg for fleire turistar til og frå Flesland.

– Det er allereie fire nye direkteruter annonsert for sommaren. Vi er òg i dialog om fleire, men kan førebels ikkje gå ut med kven eller kvar.

Dei fire nye direkterutene er:
Bergen - Zürich (Swiss Air)
Bergen - Glasgow (Flybe)
Bergen - Gdansk (Wizzair)
Bergen - Gøteborg (Widerøe)

Smart og stort handels- og serveringsareal

Også når du har kome gjennom innsjekk og sikkerhetssjekk er det lagt godt til rette for ei komfortabel reise. Du slepp å gå langt til gate og det er godt med sitjeplassar, både ved gate, men òg på anna areal med god utsikt mot fleire gater.

Vrimleområdet med butikk- og serveringsarealet har to frittståande bygg, paviljongar, kvar av dei på 400 kvadratmeter utleigeareal, fordelt på tre ulike leigetakarar per paviljong, og kvar av dei med eigen «takterrasse».

Både dei to frittståande paviljongane med takterrasse, og dei andre paviljongane får leigetakarar som Narvesen, 7eleven, Fiskeriet (sjømatrestaurant), Bølgen og Moi - Food Garage, Tanum, Æra herre- og damemote, Starbuck’s, North Land (kafé/bakeri), Altitude (bar med lokalt øl) og Travel Value-butikk.

Her kan du kjøpa mat og drikke, ei god bok, og setja deg på taket av ein paviljong - samtidig som du har full kontroll på utgangen til din flyavgang.

– Det blir òg sitjegrupper mellom paviljongane og utgangane til flya, blant anna utanfor serveringsstadane. I tillegg til desse borda og stolane kjem benkegrupper, og sitjeplassar med straumuttak. Det er eit aukande behov for tilgang til lading av telefon, nettbrett og datamaskiner, fleire bruker dessutan ventetida til å jobba.

Klart for Bybane-start i april

Det er ikkje duka for gradvis opning av det nye terminalbygget, men langs underetasjen er endestasjonen for Bybanen, og Bybanen har mål om å byrja å gå til Flesland allereie 21. april.

Til april skal gangveg stå klar frå bybanestoppet, langs det nye terminalbygget og, under tak, bort til det som er dagens Flesland.

I gang med omfattande testing

Byggestart blei som kjent noko forsinka då ein av deltakarane i anbodsprosessen ville prøva valet av entreprenør for retten (og tapte), elles skal byggeprosessen ha gått utan ulemper.

– Kva blir spennande i innspurten før opning?

– Det som er viktig for oss no er at det ikkje kjem endringar som skaper forseinkingar. Elles skal terminalen testast, eit omfattande arbeid som vi er i gang med. Her skal dei nye systema testast både saman og kvar for seg, utan passasjerar, med statistar og, noko seinare, med eksternt personell som ikkje kjenner flyplassen frå før.

Den gamle terminalen skal vera i full drift inntil, og etter, opning av den nye, men med nokre byggmessige tilpassingar før opning. Noko ombygging blir det av den gamle, men dette arbeidet skal utførast i 2018.

– Vi som jobbar her gler oss veldig til å opna den nye terminalen. Det trur eg dei nye leigetakarane og alle dei reiseglade bergensarane også gjer, seier lufthamndirektør Aslak Sverdrup.

Fakta om nye Bergen lufthavn, Flesland
Project owner: Avinor AS
Builder: Avinor airport
Project- og project-planning management: Sweco AS
Architcts and consultants: Nordic - Nordic Office of Architecture (NSW) COWI AS Team_T3 AS  - Norconsult AS - Aas/Jakobsen - Cowi AS - Ingeniør Per Rasmussen AS
Construction Management: HR Prosjekt AS, Stema AS, Erstad & Lekven AS
Construction start: 2014
Completion: Medio 2017
Total Terminalareal: 85 000 m²

Ny terminal 63.000 m²
Dagens terminal 22.000 m²
Kostnadsramme:  3,6 milliarder eks finansiering og mva.
Teoretisk kapasitet: 7,5 millioner passasjerer
Totalt antall gate-er: 15
6 nye gate-er frå ny terminal.
9 frå eksisterende terminal
Flyoppstillingsplasser: 32 (inkludert 17 fjernoppstillingsplasser)

 
Til samanlikning, tal for Gardermoen: Passasjerterminalen er på 148 000 kvm. Terminalområdet har 52 flyoppstillingsplassar, der 34 er tilknytta jetbruer og 18 er fjernparkering. Passasjerar per år (2014) 24 millionar.

Fleire saker