Politi | elleve timar sidan

Nye klager på russen natt til onsdag

Politiet fekk tysdag kveld og natt til onsdag fleire meldingar om støy frå russ i Bjørnafjorden.

Nye klager på russen natt til onsdag
Her var russen i 17.mai-toget. Foto: Midtsiden (arkiv)
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokaonsdag 10. juni 2026 09:47

Støyande russ og eitt trafikkuhell har vore innslag i politiloggen det siste døgnet.

Trafikk

Like etter klokka 18.00 tysdag 9. juni fekk politiet melding om eit trafikkuhell mellom to bilar på Lepsøyvegen.

– Heldigvis ingen personskadar, berre materielle skadar, og ingen politisak, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Russ

Seinare på kvelden kom det nye klager på russ.

– Like før midnatt var det fleire russebussar på ein skuleplass i Bjørnafjorden. Det var mykje bråk og høg musikk.

Russen skal ifølge politet ha fått beskjed frå rektor om å flytte seg.

– Noko dei også gjorde etter kvart, seier Birkeland.

Klokka 03.00 fekk politiet ny melding om støy frå russ.

Russen hadde teke tilhald ved ein barnehage i Hagavik.

– Det kom berre éi melding, og det blei ikkje sett i verk aksjonar eller reaksjonar frå politiet denne gongen, seier Birkeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?