Kultur | 13. okt. 2017

Nye krefter tar Fjellheim i forsvar

– Fjellheim er akkurat det dagens kulturliv treng, seier Olav, Eirik, Steinar og Leif.

Nye krefter tar Fjellheim i forsvar
F.v.: Olav Skorpen, Eirik S. Søfteland, Steinar Lyssand og Leif Østrem framfor Fjellheim. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. okt. 2017 11:56

Fire aktive musikarar og konsertarrangørar har, i siste sving, kasta seg inn i kampen om å bevara Fjellheim.

– Eg har støtta kampen sidan start, og etter at eg nyleg var i møte med Foreningen Bevar Fjellheim så kontakta eg nokre av musikarvenane mine for å drøfta saka med dei, seier Eirik Strønen Søfteland.

Han er samstemt med Olav Skorpen, Leif Østrem og den plateaktuelle konsertarrangøren Steinar «Lightsand» Lyssand.

– Os har ulike gode scenar for inntil 100-120 publikummarar og over 400. I mellomklassen har vi nesten berre Symrasalen på Nore Neset, og ingen sentralt i Os, der utelivet er levande og bussane går med god frekvens, seier Steinar.

– Korleis blei dei gode?

Steinar Lyssand er akkurat gamal nok til at han har minne frå både scenen og dansegolvet på Fjellheim, Idol-finalist Søfteland har deltatt i både teater og rock frå scenen.

Dei noko eldre karane, Olav og Leif, har barndomsminne frå både kinobillettar til 5 kroner, turn og fotball i salen, og det å sitja som nykonfirmert på muren, med håp om å få sleppa inn. Men det er ikkje først og fremst nostalgi som får dei to erfarne musikarane på banen i denne saka.

– Vi er stolte over kulturlivet vårt i Os, men politikarane må spørja seg sjølv «kvar starta det, korleis blei dei gode? seier Olav Skorpen, og kjem i neste andedrag med svaret:

– Mange startar heime i kjellaren eller garasjen, gjerne saman med venar, og det er eit stykke herfrå til scenen i Oseana, som kanskje er første store mål. Kulturlivet må ha arena for kvart nivå, for å veksa steg for steg. Å spela konsert på ein scene som den Fjellheim har, kan vera eit steg på vegen.

Fleirbrukshus - ikkje det same som Fjellheim

At Os kommune vil bygga fleirbrukshus (U Aktiv) når gymsalen på Os ungdomsskule skal erstattast, ser musikarane på som bra, men kanskje ikkje godt nok.

– Kor låg blir terskelen for å få låna dette? Kor mange blir det om beinet? Blir det enkelt å arrangera ein konsert eller fest her ein laurdag viss elevane skal spela volleyball der måndag morgon?

– Os har ikkje eit eige ungdomshus, slik krinsane har. Med den bustadbygginga det blir lagt opp til i og rundt sentrum blir det nok behov for både fleirbrukshus og Fjellheim, trur Østrem.

– Kva med den daglege drifta, det er vel grenser for kor mange konsertar det går an å arrangera i Fjellheim i løpet av eit år?

– For det første er det òg grenser for kor mange arrangement det er i andre ungdomshus i Os, for det andre bør grunnlaget for å leiga ut til øving i vekedagane, året rundt, vera godt i Os sentrum.

Saksbehandling om seks dagar

Torsdag i neste veke, etter at Sp og Ap i møte i august i år, argumenterte for å bevara Fjellheim, har plan- og bygningsutvalet synfaring før behandling av klage på vedtak av reguleringsplanen som opnar for sal og eventuell riving av kulturhuset Fjellheim.

Administrasjonen sitt framlegg til vedtak: Klagen vert ikkje tatt til følgje. PBU held oppe Os kommunestyre sitt vedtak i møtet 16.6.2015, sak 56/2015. Saka vert sendt Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd.

• Sjå alle saksdokumenta på oskommune.no

Bakgrunn: Os kommunestyre vedtok 16. juni 2015 områderegulering for Os sentrum vest. Foreininga Bevar Fjellheim har levert klage, men denne var tidlegare avvist då fem mot fire i plan- og bygningsutvalet i september 2016 meinte av foreininga ikkje har klagerett. Fylkesmannen blei blanda inn og Os kommune må likevel behandla klagen.

Fjellheim - tilbakeblikk:
100 år sidan første Fjellheim (2011)
Held gravøl i Fjellheim (2011)
• Siste rock i Fjellheim: Os Rock City feira 30 år (2011)
Ein sprek 75-åring (2013)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.