Kultur | 07. sep. 2022

Nye kurs i data- og mobilbruk for dei eldre

I haust og vinter kan eldre gå på gratiskurs i data- og mobilbruk igjen.

Har du eller nokon av dine nærmaste utfordring med data- eller mobilbruk? I haust og vinter kjem fleire kurs. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveionsdag 07. sep. 2022 11:06

I vinteren kan eldre i Bjørnafjorden delta på gratiskurs i data- og mobilbruk igjen. Tilbodet er for dei som treng å styrke sin digitale kompetanse.

Kursa blir arrangert av Eldrerådet i samarbeid med kultureininga i Bjørnafjorden kommune og Os vidaregåande skule, med støtte frå e-helse Vestland, opplyser kommunen.

Det er ikkje sett opp nye kurs denne hausten enno, men Bjørnafjorden eldreråd, Seniornett Bjørnafjorden og Os Pensjonistforening inviterer til tre andre kurs i haust.

Den digitale kvardagen

I september kan du delta på tre gratiskurs der den digitale kvardagen er tema.

Det er mogleg å få gratis transport til dei forskjellige kursa.

Torsdag 22. september er det kurs i bruk av den nye BankID-appen på Os eldresenter.

Her blir det éin-til-éin-undervisning frå representantar frå fleire bankar og andre kursassistentar.

Så kjem det to kurs til før nyttår:

Måndag 26. september er det kurs i å ta i bruk Friskus* på Os eldresenter.

Torsdag 29. september er det kurs i å ta i bruk Friskus* på biblioteket i Eikelandsosen.

*Friskus er ein gratis aktivitetskalender der lokale lag og organisasjonar viser fram sine aktivitetar, og der du enkelt kan søka opp aktivitetar som passer for deg.

Éin-til-éin-rettleiing

Denne gongen er det elevar frå helsefagarbeidarlinja ved Os vidaregåande skule som stiller opp for å dele sine kunnskapar i data- og mobilkurs.

Dei vil lære deltakarane alt frå å bruke smarttelefon og nettbrett til korleis å kommunisere via Facetime og Skype.

Undervisninga skjer éin-til-éin i ditt eige tempo.

Førebels er det sett opp to kurs i januar 2023. Kursa går over to dagar.

Kursdatoar januar 2023:

9. og 11. januar klokka 10-14 på Os vidaregåande skule.

16. og 18. januar klokka 10-14 på Os vidaregåande skule.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.