Kultur | 01. mai 2020

Nye løysingar hos biblioteket

Sånn fungerer utlån og innlevering ved dei to biblioteka i Bjørnafjorden.

Nye løysingar hos biblioteket
Bjørnafjorden bibliotek - hovudbiblioteket. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. mai 2020 08:24
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Etter kommunesamanslåinga består Bjørnafjorden bibliotek av hovudbiblioteket i Holtbrekka på Os (tidlegare Os folkebibliotek) og Eikelandsosen bibliotek i kommunetunet.

– Før påske lanserte vi ei løysing for utlån, sjølv om vi er stengt. Då var det ikkje høve til å levere inn.

– Biblioteket er framleis stengt. I dag lanserte vi at tenesta for utlån held fram til vi opnar igjen, og vi har fått godkjent ei løysing for innlevering av lånt materiale, seier Trine Helene Pete torsdag.

Det har òg kome på plass ei permanent løysing i Eikelandsosen.

Materiale lånt frå biblioteket får ingen innleveringsfrist før det er ope som normalt igjen.

Lån og innlevering

Hovudbiblioteket tar imot bestilling via telefon og epost - eller bestilling i katalogen. Alle får ein avtale på når dei kan henta bøker, filmar, tidsskrift og anna.

Du kan levera utan avtale måndag, onsdag og fredag frå klokka 12 til 15 og tysdag og torsdag frå klokka 12 til 17 (gjeld ikkje 1. mai, kristi himmelfart, pinse og andre offentlege fridagar).

Eikelandsosen er tilgjengeleg tysdag og onsdag frå klokka 12 til 15.

Av digitale løysingar abonnerer Bjørnafjorden bibliotek på PressReader, som publikum no kan nytte seg av heimefrå med lånekort og pin-kode.

– Vi har e-bok og e-lydbok-appen BookBites. Det er òg andre gratistenester skrive på nettstaden vår. Det er høve til å få lånekort dersom ein ikkje har det ved å nytta seg av registrering på Digitalt lånekort - ei løysing levert av Nasjonalbiblioteket, opplyser Trine Helene Pete.

Her må du etter registrering senda lånekortnummer på mail til Bjørnafjorden bibliotek for å bli fysisk eller digital brukar i Bjørnafjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.