Sport | 03. juni 2012

Nye meistrar i Osbadet

Amalie Evensen og Bianca Torgilstveit vann sine klassar i Osmeisterskapen i symjing laurdag. Og Tom Andree Moberg Johansen slo Elin Austevoll i mixklassen i bryst!

Nye meistrar i Osbadet
F.v.: Bianca Torgilstveit (gull J99), Amalie Evensen (gull J2000), Mira Færøy(sølv J01) og Hanne Andreassen Bøe (gull J01), i øvinga 50 meter butterfly. (Foto: Os Svømmeklubb)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 03. juni 2012 22:09

Os Svømmeklubb arrangerer Osmeisterskapen to gongar i året. I går var det meisterskap i øvingane bryst og butterfly for konkurranseutøvarane og 25 meter fri for dei yngste.

Desse deltok i klasse utan plassering på 25 meter fri: Thomas Hjertaker, Maren Evensen, Theodor Haugland, Emma S. Kjetland, Emil Austevoll Harlem, Kaisa Torgilstveit, Odin Stang, Levi Færøy, Sofie Evensen og Dina Midtun.

Desse deltok i klasse utan plassering på 50 meter bryst: Thomas Hjartaker, Odin Stang, Jossefine Gjertsen, Sofie Evensen og Frithjof H Tangen.

Ung arrangør

Karen Elisabeth Moltubakk (f. 1995) går på eit leiarutviklingskurs for ungdomar, på vegne av Os Svømmeklubb, i regi av toppidrettsenteret i Oslo.

Ei av oppgåvene hennar var å arrangera Osmeisterskapen i symjing. Den oppgåva blei flott gjennomført, fortel klubbleiinga.

Slo trenaren

Blant konkurransesymjarane var det ulike årsklassar og inndeling i kjønn, med mange flotte forbetringar og knallhard innsats.

Til og med nokre av trenarane deltok og viste at dei ikkje hadde gløymt gamle kunstar, sjølv om Elin Austevoll nok hamna eit stykke bak eigen bestenotering, og i mixklassen i bryst då ho blei slått av Tom Andree Moberg Johansen.

50 meter bryst, mixed
1. Amalie Evensen (00) 50,39
2. Mira Færøy (01) 51,37
3. Hanne A Bøe (01) 51,45
4. Christiane Gjertsen (00) 52,56

100 meter bryst, mixed
1. Tom Andree Moberg Johansen (97) 1,16,98
2. Elin Austevoll (SR) 1,22,07
3. Sebastian Braathen (97) 1,22,07
4. Julie Kjørsvik (96) 1,34,08
5. Helene Haga (97) 1,37,96
6. Malene Strømland Johnsen (96) 1,38,06
7. Sindre Stang (99) 1,41,36
8. Elisabeth Haga (98) 1,42,96
9. Sara Strømland Johnsen (98) 1,45,90
10. Karen Elisabeth Moltubakk (95) 1,48,36
11. Bianca Torgilstveit (99) 1,59,79

50 meter butterfly, mixed
1. Bianca Torgilstveit (99) 44,16
2. Hanne A Bøe (01) 50,82
3. Amalie Evensen (00) 52,07
4. Mira Færøy (01) 57,37

50 meter butterfly, mixed, master
1. Elin Austevoll, 34,61
2. Jens Fredrik Gjertsen, 36,81
3. Knut Henrik A Bøe, 39,81

100 meter butterfly, mixed
1. Tom Andree Moberg Johansen (97) 1,13,46
2. Sebastian Braathen (97) 1,25,94
3. Malene Strømland Johnsen (96) 1,34,13
4. Sara Strømland Johnsen (98) 1,34,73
5. Helene Haga (97) 1,37,02

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.