Lokal | 30. jan. 2017

Nye Nansen innom Bjørnafjorden

Havforskningsinstituttet sin nye båt, med mannskap frå Os, testar utstyret i fjorden før dåp i Oslo og tokt utanfor Afrika.

Nye Nansen innom Bjørnafjorden
Nye «Dr. Fridtjof Nansen» kom til Bergen 10. januar, og forbi Os, sett frå Ferstadneset, i dag (innfelt). (Foto: Havforskningsinstituttet/lesarbilde; Lars Ole Lunde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. jan. 2017 13:27

I dag kom FF «Dr. Fridtjof Nansen» inn Bjørnafjorden. Båten, som kosta ein halv milliard å bygga, kom frå Spania til Bergen 10. januar, og skal døypast i Oslo 24. mars.

– Vi driv testing og kalibrering av utstyret. Akkurat i dag testar vi ekkoloddet og driv samling og tolking av data, fortel forskar og toktsjef Kathrine Michalsen til Midtsiden.

– I Bjørnafjorden får vi testa på ulike djupner, og det kan bli fleire turar innom fjorden før båten skal via dåp til jumfrutur til Afrika.

Byggeleiar og trålbas frå Os

Om bord i «Dr. Fridtjof Nansen» er Asbjørn Aasen frå Søre Øyane i Os.

– Dei tre brørne Asbjørn, Henning og John Gerhard jobbar alle hos Havforskningsinstituttet, og Asbjørn er trålbas om bord hos oss, fortel Michalsen.

Asbjørn skal ikkje tråla i Bjørnafjorden, men det kan bli test av trålen i Nordsjøen før dåpen i Oslo.

– Ein annan av kollegaene mine frå Os var sentral då båten blei bygd, Einar Strønen hadde hovudansvaret for oppfølging av byggeprosjektet.

Skal kartlegga vestkysten av Afrika

Første mai skal «Dr. Fridtjof Nansen», som erstattar gamle «Dr. Fridtjof Nansen» (bygd i 1993), vera på plass i Casablanca i Marokko.

– Vi skal kartlegga pelagiske artar frå Gibraltar til Cape Town og skal gå langs heile vestkysten, med unntak av Guineabukta, som vi grunna tryggleik styrer unna, seier Kathrine Michalsen.

Gamle «Dr. Fridtjof Nansen» har no skifta namn til «Kristine Bonnevie».

• Les òg: Ny, hvit svane klar for oppdrag (BT.no 20. januar)

Om nye «Dr. Fridtjof Nansen»
Design: Skipsteknisk
Verft: Astilleros Gondan, Spania
Lengde: 74,50 m
Bredde: 17,40 m
Mannskaps- og forskerkapasitet: 15 + 30
Antall laboratorier: 7
Framdriftsmaskineri: 3000 kW

Se egen side for byggeprosjektet, med blant annet timelapse og bildeserie.

• Fartøyet utrustes for å bistå utviklingsland i å etablere økosystembasert fiskeriforvaltning gjennom EAF Nansen-programmet. Dette innebærer å samle inn fysisk og biologisk informasjon fra tokt i hav- og kystområder, samt drive opplæring av lokale forskere i praktisk havforskning og toktvirksomhet.

• EAF – Nansen programmet støtter utviklingsland i fiskeriforskning og -forvaltning for å tilstrebe bærekraftig utnyttelse av levende marine ressurser og økt beskyttelse av det marine miljø. Programmets langsiktige mål er å gjøre samarbeidslandene selvdrevne innenfor fiskeriforskning og -forvaltning gjennom å styrke deres institusjoner.

Kilder: Havforskningsinstituttet/Nansen-programmet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.