Sport | 25. apr. 2016

To nye NM-gull til Frode

Os Håndbakklubb stilte med berre tre utøvarar i NM i Jølster. Dei kom heim igjen med tre medaljar.

To nye NM-gull til Frode
Pallen i -95 kg i NM i Jølster. Frode Veim Haugland tok to gull. (Privat bilde, foto: Renate Flatland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. apr. 2016 08:51

Bildeserie:

Arne Thuen (t.h.) tok 5. plass. (Privat bilde, foto: Renate Flatland)
Arne Thuen (t.h.) tok 5. plass. (Privat bilde, foto: Renate Flatland)
Erlend Hjertholm fekk sølv med venstre i juniorklassen. (Privat bilde, foto: Renate Flatland)
Erlend Hjertholm fekk sølv med venstre i juniorklassen. (Privat bilde, foto: Renate Flatland)
1 av 2
Arne Thuen (t.h.) tok 5. plass. (Privat bilde, foto: Renate Flatland)
Erlend Hjertholm fekk sølv med venstre i juniorklassen. (Privat bilde, foto: Renate Flatland)

Os Håndbakklubb har vore beste klubb i NM fleire år, men stilte med for få utøvarar til å ta det største innhogget i medaljebordet i år.

NM gjekk i Jølster i helga og deltakarane frå Os var Frode Veim Haugland (-95 kg), Arne Thuen (-85 kg) og Erlend Hjertholm (+80 kg junior).

Erlend tok sølv med venstre arm og fekk 6. plass med høgre. Arne Thuen opna bra, med to sigrar, blei skadd i armen og tapte dei to neste før han vann plasseringskampen og tok 5. plass med høgre.

Frode Veim Haugland vann med både venstre og høgre arm og tok sine NM-gull nummer 23 og 24.

Fekk ikkje gå i tyngste klasse

Frode har tatt gull i alle NM han har deltatt i. Då han var i Jølster ville han gå i den tyngste vektklassen, men det fekk han ikkje lov til.

– Eg veg 90 kilo og ville gå i +105 kg, men det var ikkje lov å gå to klassar opp. Eg kunne gått i -105 kg, men der var det så få deltakarar, seier Frode til Midtsiden.

Med venstre arm slo han Knut Sandbakken i finalen, med høgre vann han gullkampen over Darius Anelauskas.

Neste stemne for Frode blir WAL-finalen i Las Vegas i juni.

Midtsiden følgjer: Handbak

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.