Lokal | 03. des. 2018

Nye reglar for EU-kontroll

– Dette er det viktig at folk får med seg, seier Rune Balland ved Os Auto AS.

Nye reglar for EU-kontroll
Dagleg leiar Rune Balland (t.h) og Dan Nordvik ved Os Auto AS oppmodar folk til å setta seg inn dei nye reglane for EU-kontroll av køyretøy. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 03. des. 2018 20:28

Frå februar 2019 vil ikkje det siste nummeret i registreringsnummeret lenger fortelja deg kor tid du skal ha bilen EU-godkjend.

Det kjem òg nye reglar for dei som driv med kontroll og nye reglar for traktor.

Hos Os Auto AS i Jordmorsvingen har dei fram til utgangen av november EU-kontrollert 770 bilar. Her er dei godt førebudd på regelendringane, men er ikkje så sikker på at alle har fått dette med seg.

– Frå februar 2019 er det dato for førstegongsregistrering og siste godkjende kontroll som bestemmer kor tid køyretøyet ditt skal vera godkjend, fortel dagleg leiar, Rune Balland.

– Dette betyr at du som bileigar kan kontrollera bilen når du vil, så lenge den vert godkjend innan to år etter siste godkjende kontroll. Om du til dømes får bilen godkjend i mai månad, men vel å leggja den ut for sal nokre månadar seinare, kan du ta ein ny godkjenning, slik at du sel ein bil som er nett EU-godkjend.

Dei to ekstra månadane forsvinn

Balland fortel at éi endring som er særs viktig å få med seg, er at dei to ekstra månadane ein tidlegare har fått etter ordinær frist, no forsvinn heilt.

– Det er veldig få som til no har fått bilen sin godkjend innan den datoen bilskiltet tilseier. Der du fram til no har hatt eit slags amnesti, kor du har hatt to månadar på deg til å få bilen godkjend, forsvinn denne ordninga heilt.

– Blir du stoppa etter fristen har gått ut, er det inga bøn. Då vert skilta klippa der og då, seier Balland.

– I klartekst betyr dette at det kan vera mange som får seg ei mindre kjekk oppleving om dei vert stoppa med ein ikkje-godkjend bil etterkvart som vi går inn i 2021?

– Ja, her ligg det potensielt mykje frustrasjon og brått avkorta bilturar om du ikkje set deg inn i dei nye reglane, svarar Balland.

Vegvesen.no skriv at den nye ordninga vil bli fasa inn etterkvart som køyretøya er inne til kontroll i 2019. Målet med endringa av reglane er betre, likare og meir trafikksikre kontrollar.

– Det er ikkje slik at alle får ein ny dato frå februar 2019, fortel Balland. I første omgang skal du levera bilen inn til kontroll etter det gamle systemet, altså siste tala på nummerskiltet ditt. Etter det må du sjølv syta for å få bilen godkjend på nytt innan dei neste to åra.

For nye personbilar held reglane fram med at dei skal inn første gong etter 4 år, deretter annakvart år. For køyretøy over 7.500 kg skal det halda fram med godkjenning kvart år.

Nye krav til opplæring - og til traktor

Utførande kontrollørar får òg nye krav å forhalda seg til;

Der det tidlegare berre var krav til verksemda som utførde kontrollane, vert det no krav til opplæring og personleg godkjenning av nye kontrollørar og tekniske leiarar. Her vil det òg ligga ei overgangsordning.

– Vi her på Os Auto har allereie teke den naudsynte kursinga, og er no godkjende fram til 2023, fortel Balland. Kurset tok to dagar, men for dei som skal opp til godkjenning som kontrollør for fyrste gong, må ein gjennom eit 60 timars kurs.

Frå 2021 vert det òg innført krav om kontroll av traktorar med hastigheit over 40 km/t.

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Henning Harsem seier på vegvesen.no at nye traktorar først skal inn etter 4 år, deretter annakvart år. Han legg til at dei nye reglane gjeld hovudsakleg traktorar som vert nytta på offentleg veg.

– Om du har ein traktor som berre vert nytta på offentleg veg i egentransport i primærnæring, kan du få unnatak, legg han til.

Her kan sjekka kor tid din bil må vera godkjend.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.