Sport | 26. nov. 2012

Nye rekordar til Sverre

Kolomna: Sverre Lunde Pedersen gjekk endå raskare på 1500-meteren enn då han tok VC-bronse - og persa på 5000 meter.

Nye rekordar til Sverre
Sverre Lunde Pedersen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 26. nov. 2012 11:02

Sverre Lunde Pedersen tok førre helg sin første individuelle verdscupmedalje då han fekk bronse på 1500-meteren.

Tida, 1.46,54, var den beste han har gått på europeisk is. Men det var fram til i går.

I verdscupen i Kolomna, eit lite stykke utanfor Moskva, gjekk han i går inn på 1.46,37.

Denne gong heldt det berre til 9. plass. Håvard Bøkko blei beste norske på 5. plass med tida 1.46,09, Koen Verweij vann på 1.45,56.

Ny pers på 5000 meter

Laurdag gjekk Sverre 5000 meter, og då gjekk det endå betre.

6.19,16 er ny pers, over 3 sekund raskare enn den førre (innandørs i Calgary i februar 2011).

Tida heldt til 7. plass, plassen bak Håvard Bøkko, som gjekk i mål på 6.17,51. Sven Kramer vann på tida 6.10,62.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.