Næringsliv | 19. mars 2016

Nye takter på Ole B

Ole B Stuene sparkar sesongen i gang med ny driftsstruktur og nye satsingsområde - med ein sterk trio i spissen.

Nye takter på Ole B
Svanhild Søviknes saman med døtrene Therese (t.v.) og Renate. (Foto: Cathrin Valestrand)
Cathrin Valestrandlørdag 19. mars 2016 19:19

Frå 1. januar vart det omskiftingar i driftsstrukturen ved Ole B Stuene.

– No er det jentene i familien som skal styra skuta, fortel mor Svanhild Søviknes.

– Therese og eg skal no kjøpa oss inn i Os Catering AS, som har vore driftsselskap for Ole B Stuene sidan dei kjøpte lokala her.

Saman med døtrene Renate, som alt er på eigarsida, og Therese Kanebog Søviknes skal det no bli sving på sakene.

– No legg vi om og endrar konseptet. Målet er å snu raude tal til blå, så då må vi ta nokre grep. Vi har to satsingsområde: Catering og selskapslokale. Det er dette som må byggja ei god økonomisk plattform.

Opningstidene forsvinn

Prioriteringa gjer at det ikkje blir faste opningstider framover, altså inga vanleg kafédrift.

– Søndagsbuffeten er fast innslag, den går godt og har blitt ei merkevare, og den held vi fram med. Men det er lurt å bestilla bord, det verste eg veit er å måtta avvisa gjestar fordi det er fullt.

– Det er søndagane som er den ordinære opningstida. I tillegg blir det litt ekstra rundt høgtider som påske, pinse og 17. mai. Då har vi sjølvsagt ope, og no i påsken blir det søndagsbuffet kvar dag, seier Renate.

Dermed blir det dårleg med drop-in tilbod i Lysefjorden i sommar.

– Så lenge vêret er bra, kan besøkstala vera bra også, men det er veldig vêravhengig. Men det er vanskeleg å gå i pluss på å selja is og kaffi ein godvêrsdag i ny og ne. Har vi faste opningstider må vi ha folk på jobb. Desse skal lønnast, og det er vanskeleg å forsvara å ha daglege opningstider basert på flaks og finvêr.

Selskapslokale

Ole B Stuene er ein populær stad for selskap i forskjellige former, enten det er barnedåp, bryllaup eller firma-arrangement.

– I valet mellom kafédrift og ordinære opningstider mot selskapslokale, vann selskapslokale klart. Vi ønskjer å snu på flisa og tena pengar når vi er på jobb. Det var heller ikkje eit alternativ å ha begge delar, slik det gjerne har vore drive.

– Vi har mange barnedåpar her, og det er nok fordi vi har lagt oss lågt i åris.

– Det viktigaste for oss er å bruka staden her, og vi har vel ikkje ambisjonar om å bli rike, men i alle fall kunne leva greitt av dette.

– Det er som ei koseleg lita familiebedrift. Og vi kosar oss ilag, og vi ønskjer alle at dette skal bli bra.

Planlagde arrangement

Trioen seier at dei gjerne opnar dørene for grupper, om dei bestiller på førehand.

– Vi er jo mykje her likevel. Om ei gruppe har planlagt tur til Lysøen, og ønskjer å eta lunsj hos oss, så er det fullt mogleg. Men det blir ikkje diska opp med a la carte. Då må det bestillast og planleggjast på førehand.

– I tillegg vil vi sula til med nokre arrangemnet i ny og ne. Ein kveld med pub og levande musikk, til dømes. Men det blir meir unntaket enn regelen. Vi kan ikkje gjera det for ofte. Men slikt er kjekt ein gong i blant!

Nettbutikk

Trioen, som også står bak Os Catering, fortel at cateringverksemda går svært bra.

– Når det gjeld cateringen, så startar vi snart opp med nettbutikk. Då kan dei bestilla akkurat når dei vil på døgnet, og det er ikkje behov for å ringja oss. Vi berre hentar ut bestillinga og produserer.

– Nettbutikken er i produksjon og blir lansert så snart den er klar, kanskje allereie no i påsken.

Lov å drøyma

For å snu drifta til å bli økonomisk berande, må også nyinesteringar finna seg i å stå på ønskjelista noko lenger.

– Vi må prioritera inntening først. Men sjølv om vi er varsame med å bruka store pengar for tida, er det lov å drøyma litt større.

– Vi kunne godt tenkt oss å få bygt inn terrassen med isolerte golv, tak som kan opnast og skyvedører i glas som vegger, slik at ein kan bruka den heile året. I tillegg hadde det sjølvsagt vore kjekt med litt større plass på kjøkkenet. Men vi får setja tæring etter næring - førebels i alle fall, avsluttar dei tre.

Søviknes-familien overtok Ole B sommaren 2010.

Les òg: Ole B blei ny

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.