Lokal | 31. juli 2011

Nye tokt med «Vikingfjord»

Ny pontong, ny motor og bar med tappetårn, dei 12 eigarane av Os' største festflåte nyter sommaren.

Nye tokt med «Vikingfjord»
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 31. juli 2011 06:49

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 6
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Flåten som ligg ved gjestebrygga, MS «Vikingfjord», hadde jomfruturen sin i juni i fjor.

Les òg:
Festlege 33 fot

I år er Vikingfjord minst like festleg.

– Flåten gjorde nytten i fjor òg, men no er den stødigare, raskare og meir brukarvenleg, seier ein av dei 12 eigarane, Ole-Christian Brekke.

Tappetårn og røykmaskin

Medan flåten er 10 x 5,10 meter er sjølve hytta 7 x 4 meter. Takterrassen har utstikk, så den er på cirka 40 kvadratmeter.

I den 28 kvadratmeter store hytta er det toalett og teknisk rom i tillegg til stor stove med bar.

– Baren er ny, den blei vi nøgd med, seier Brekke, og viser dei kule lyseffektane og fører i gang røykmaskina før han tappar seg ein halvliter frå tårnet.

To timar til Tysnes

Målet i fjor var å rekka Osøren Blues & Jazzfestival og seinare Tysnesfest. Turen mellom Tysnes og Os blei ruskete, særleg den eine vegen, men flåten heldt seg stiv og fin.

– Men den eldre påhengsmotoren vi hadde, ein 85 hk Johnson, brukte 60 liter på éin veg. No har vi skifta den ut med ein ny, demokjørt 70 hk Suzuki, med husbåt-propell. Den brukte berre 19 liter og to timar over til Tysnes i år.

Men gutane har hatt trøbbel med kjølevatn-inntaket på den nye motoren, så no skal den snart løftast av for sjekk og reparasjon.

På land i vinter

Den største, men minst synlege oppgraderinga «Vikingfjord» var gjennom før årets sesong var montering av tilleggspontong.

– Vi bestemte oss allereie før jomfruturen i fjor at vi ville ha auka oppdrift. Flåten er på rundt 10 tonn og hadde oppdrift på cirka 14 tonn, men den blei litt baktung.

Å løfta ei flytande hytte på 10 tonn på land er ikkje berre enkelt.

– Vi kjørte den tørr med tidevatnet i Kuvågen for så å jekka den opp på nokre paller. Det blei eit morosamt prosjekt, men det funka, og pontongen kom på.

Drunken sailor

Under bluesfestivalen i Os i juni lånte arrangørane flåten som scene for morgonkonsert. Olav Undeland spelte gitar på terrassen medan Ole-Christian kjørte rundt i hamna så Undeland fekk vekka alle som søv i båt.

– Vi hadde eit lite uhell. Girkabelen hoppa av så eg fekk plutseleg ikkje motoren i revers. Eler i fri. Det enda med at eg kjørte rett i Osbrua medan konserten gjekk for fullt på taket.

Undeland var ikkje seinare i reaksjonen enn at han skifta låt og song «What shall we do with the drunken sailor».

– Det var stress der og då, men morosamt at artisten tok det med eit smil.

– Og vi er opptatt av tryggleik, vi har utstyr og redningsvestar til 20 om bord.

Rihanna neste

Eigarstrukturen på Vikingfjord er den same, alle 12 er med og ingen nye har kjøpt seg inn.

– Men det er ein del som lurer på å bygga seg noko som liknar, det har vore fleire i meg for å få teikningar, seier Ole-Christian.

Flåten får ikkje lite merksemd der den ligg heller.Turistar går sidelengs og baklengs forbi på gjestebrygga.

– Det var litt stilig under Tysnesfest. Det er alltid ein eller annan båteigar som får landstraumen til å kortslutta, og brått var heile den lange brygga mørklagt. Men då starta aggregatet vårt, så vi heldt oss sjølv og fire nabobåtar med straum ytst på brygga.

Laurdag blei det litt sommar i Os og på kvelden hadde nokre av Vikingfjord-eigarane rekefest og vorspiel om bord.

– Det minkar på sommaren, er dette siste fest før vinteren?

– Nei, nei - vi skal til Bergen under Rihanna-konserten i august, forsikrar gjengen om bord.

MS «Vikingfjord»
Lengde: 10 meter (32,8 fot)
Breidde: 5,10 meter
Motor: Suzuki 70 hk
Hytte: 7 x 4 meter
Takterrasse: 40 kvadratmeter
Utstyr: 12V/220V aggregat, toalett med septik, redningsutstyr, møblar
Snadder: Kunstgras på taket, grill, spotlys inne og ute, discolys, røykmaskin og bar med tappetårn

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.