Lokal | 28. des. 2020

Nyframkomne flyktingar fekk julemiddag som velkomstfest

God stemning i Tunet då Os kyrkje og Havnechefen opna dørene.

Nyframkomne flyktingar fekk julemiddag som velkomstfest
Nokre av dei frivillige, f.v.: Mahmoud, Ingrid, Siv, Ingrid, Reidun, Therese og Mohadese. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. des. 2020 10:59

Os kyrkjelyd var usikker på om dei i år klarte å arrangera juletreff med lunsj i romjula, slik dei normalt gjer.

Men så kom Havnechefen og banka på døra. Ikkje berre ville dei sponsa med pinnekjøtt, dei hadde samla eit lag av bedrifter som ville donera andre ingrediensar, pynt, juletre og gåver.

Det resulterte i både utdeling av pinnekjøt før jul og full julemiddag i to omgangar i går.

– Det gjekk unna med julemat før julaftan, mange fekk god støtte så dei fekk laga eit fullverdig måltid heime, seier diakon Ingrid Vik.

– Dessutan fekk vi påfyll, Jahn-Ingolf Lyssand frå Meny kom med yttarlegare 40 pinnesider. Då blei det nok til alle. Vi delte ut 27 av desse før jul og resten i romjula.

Peter frå Havnechefen henta påfyll hos Jahn-Ingolf frå Meny.
Peter frå Havnechefen henta påfyll hos Jahn-Ingolf frå Meny.

Med nissebesøk og musikk

Søndag var det to bordsete i Tunet, eitt klokka 14, eitt klokka 17, grunna maks smitteverngrense på 50 personar.

– Vi hadde 47 gjestar på første bordsete, 9 på det siste.

Kokk og konstabel: Frank frå Havnechefen hadde med seg Margrete som servitør.
Kokk og konstabel: Frank frå Havnechefen hadde med seg Margrete som servitør.

– Førebuingane var godt lagarbeid. Havnchefen stilte mannssterke og hjelpte oss, saman med fleire frivillige, i kyrkjelyden med førebuing og gjennomføring.

Øyvind Tøsdal, som var nisse på Øvreeide før jul, stilte med sekken og gåver frå AMFI Os i går.

Nissen Øyvind blei tatt imot av tolken Mahmoud.
Nissen Øyvind blei tatt imot av tolken Mahmoud.

Ingrid sjølv spelte piano og las juleevangeliet.

Ekteparet Gro-Helen og Torgeir Skjælaaen sto, saman med Torgeir si søster Sigrun Skjælaaen Dahl for den musikalske stemninga.

Sigrun, Gro-Helen og Torgeir sto for musikken.
Sigrun, Gro-Helen og Torgeir sto for musikken.

Nylanda flyktingar fekk fin velkomstfest

Ein ny flyktingfamilie frå Syria var blant gjestane.

– Dei kom til Os før jul og var nett ferdig med ti dagar i karantene, og var veldig glad for å møta andre folk, fortel Ingrid.

Familien presenterte seg frå scenen.

– Dei opplevde dette som ein fin velkomstfest, og gler seg til å læra norsk.

Mohadese og Mahmoud var blant dei frivillige. Mahmoud hjelpte òg til som tolk.

– Vi fekk mange fine tilbakemeldingar. Sjølv om vi ikkje kunne mingla som før, trur eg dette blei ein fin dag for mange. Vi i kyrkja ønskjer å takka alle som har støtta dette, både med varer, utstyr og folk, seier Ingrid.

Therese og Reidun ved grytene.
Therese og Reidun ved grytene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.