Lokal | 31. mai 2018

Nynorskelevar treng lærarar som kan nynorsk

Lesarinnlegg: Kommunar med nynorskskular bør nemna nynorsk i stillingsannonsen, meiner leiaren i Norsk Målungdom.

Nynorskelevar treng lærarar som kan nynorsk
Fredrik Hope er leiar i Norsk Målungdom (foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekland Valvatne)
Andris Hamretorsdag 31. mai 2018 11:31

Det er ikkje uvanleg at elevar på nynorskskular har lærarar som ikkje meistrar nynorsk. Slik kan det ikkje vera. Kommunar med nynorskskular kan løysa dette ved å nemna i nynorsk i stillingsannonsane når dei søkjer etter nye lærarar. Dette gjer få i dag.

Alle lærarar er språklærarar, same kva fag dei underviser i. Er du lærar på ein nynorskskule, skal du læra elevane dine å skriva nynorsk. Då seier det seg sjølv at kompetanse i nynorsk er heilt essensielt. Elevane i nynorskområde skal ikkje berre læra å skriva nynorsk i norsktimane. Dei skal au læra dei andre faga, som matematikk, naturfag, musikk, KRLE og kroppsøving gjennom nynorsk.

Mange lærarstudentar frå bokmålsområda blir utdanna utan å ha lært anna nynorsk enn sidemålsundervisninga dei fekk som elevar. Lærarar som ikkje kan nynorsk, fører til nynorskelevar som ikkje kan nynorsk. Mange nynorskelevar byttar til bokmål seinare fordi dei har lærarar som ikkje lærer dei nynorsk skikkeleg på barneskulen.

Difor er det viktig at kommunane heilt eksplisitt etterlyser nynorskkompetanse i stillingsannonsene når dei skal tilsetja nye lærarar, og at kandidatar som kan nynorsk skal stilla sterkare ved elles like kvalifikasjonar. Dette vil synleggjera for både lærarstudentane og lærarutdanningane at den norske skulen treng lærarar som kan nynorsk, og samtidig sikra at elevane får opplæring på sitt eige språk.

Krav om nynorskkompetanse må inn i stillingsannonsene. Ei lita setning kan gjera stor skilnad for nynorsken og nynorskelevane.

Fredrik Hope
leiar i Norsk Målungdom

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.