Nyopning av Fargerike Os

65 år gamle Os Fargehandel har vore gjennom si største ombygging på fleire tiår.

Dette farge- og idétorget er no det første som møter deg når du kjem inn på Fargerike Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. feb. 2017 08:55

Bildeserie:

– Tredje største varegruppe hos oss er solskjermming, men gardiner er på veg tilbake. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Haldor Øvredal starta Os Fargehandel i 1952. (Privat foto)
Haldor bak disken i lokale nr to, ved sidan av Lundehjørnet. (Privat foto)
Paal Moberg, Kjell Solberg og Hege Anita Lie klare for opningsfest. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I nøytralt lys kan du studera fargane betre - eller kjøpa ein liten prøveboks med heim. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Golvavdelinga har òg fått seg eit løft. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Tredje største varegruppe hos oss er solskjermming, men gardiner er på veg tilbake. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Haldor Øvredal starta Os Fargehandel i 1952. (Privat foto)
1 av 6
Haldor Øvredal starta Os Fargehandel i 1952. (Privat foto)
Haldor bak disken i lokale nr to, ved sidan av Lundehjørnet. (Privat foto)
Paal Moberg, Kjell Solberg og Hege Anita Lie klare for opningsfest. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I nøytralt lys kan du studera fargane betre - eller kjøpa ein liten prøveboks med heim. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Golvavdelinga har òg fått seg eit løft. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Tredje største varegruppe hos oss er solskjermming, men gardiner er på veg tilbake. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fargerike Os, eller Os Fargehandel AS, som firmaet heiter, er eit barn med fleire namn.

– Namnet på butikken er Fargerike Os, men det er framleis fleire som kallar den for «Interiøren», seier Paal Moberg.

Lokalet i Hamnevegen var tidlegare ein interiørfabrikk, og hadde seinare ein interiørforretning, mens Os Fargehandel heldt til på motsett side av elva, i nabolokalet til Lundehjørnet.

– Vi hadde to butikkar samtidig ei stund. Her i Hamnevegen hadde vi golv, tepper og tapet, på Øyro var det maling. Men det blei ein del varer som overlappa kvarandre, så då leigekontrakten gjekk ut på Øyro samla vi alt her, fortel hovudaksjonær Kjell Solberg.

Etablert av Øvredal i 1952

Os Fargehandel blei starta av Haldor Øvredal, far til tannlege Bjarne Øvredal, i 1952.

I 1968 byrja Solberg å jobba hos Øvredal, og i ’72 overtok han butikken.

Ti år seinare overtok han også Interiøren i Hamnevegen, som andre krefter sto bak, og kjøpte både butikk og bygning. I 1990 blei to butikkar til éin.

Full ominnreiing

Rett før jul byrja Fargerike Os med ombygging av butikken, som har vore open under heile byggeperioden.

– Tak og golv er ikkje skifta, men lys og all innreiing er ny. Det kom tre semitrailerar med over 40 paller med hyller og seksjonar, alt utan bruksanvising, fortel Paal.

Han innrømmer at han har nokre skruer til overs, men er sjølv nøgd med resultatet.

Dei viktigaste varegruppene

Maling og fargar er framleis i hovudfokus, og ei ny farge- og idéavdeling er det første som møter deg når du kjem innanfor fasaden, som no er pynta med slagordet «Me fargelegg Bjørnafjorden».

– I denne avdelinga er det LED-lys med eigen, nøytral tone, for mest mogleg rett vising av fargane. Her er ei rekkje fargeprøvar og kolleksjonar som passar saman.

– Nytt er små, billige prøvespann som folk kan kjøpa for å testa fargen på veggen heime før dei kjøper større mengder. Dei er veldig populære, fortel Paal, og held fram ein boks som dekker to kvadratmeter.

Golv er nest største varegruppe, og her kjem alt frå parkett til laminat og tepper endå betre fram.

– Vinyl i stav er i vinden og har tatt over for vanleg golvbelegg på rull. Det er lett å transportera, lett og legga og blir veldig fint både å sjå på og å gå på.

Solskjerming og «nyopning»

Ved sidan av fargeavdelinga, ny blandedisk og ny golvutstilling er avdelinga med tapet og solskjerming ny.

– Vi har 200 bøker med tapet å velja mellom. Noko av de nye er tapet som ser ut som kalkmaling, men som er rimelegare og lettare å dekka veggen med enn sjølve kalkmalinga.

– Solskjerming er tredje største varegruppe hos oss. Med mykje nybygg av hus med store vindauge er solskjerming viktig, men det som er trenden no er meir tekstil. Gardiner er på full fart tilbake, folk vil ha det lunt og er opptatt av akustikk, også i minimalistiske bustadar.

Ombygginga skal markerast med kaker, ballongar og tilbod torsdag.

– Fargerike-kjeda har jobba med ny innreiing i fleire år, og dei første pilot-butikkane som prøvde tilsvarande innreiing som vi no har fått opplevde vekst og gode tilbakemeldingar frå både kundar og tilsette, fortel Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.