NytræRX vil få opp temperaturen i sentrum
Stiller ut framfor rådhuset med supercar og helikopter-konkurranse.
Jarle Nytræ frå rallyteamet CircleX er blant utstillarane under årets marknadsdagar, som har fått ein våt start. No kan det bli varmare:
– Vi skal køyra nokre dekkskift og vil ta bilen i launch-modus nokre gongar, åtvarar Nytræ, som stiller ut med heile team Nytræ RX.
Framfor rådhuset har Nytræ RX plassert trailer, telt og rallycrossbil, og fleire av sponsorane, som Rasmussen Autospa, Os Lakk og Karosseri og Hurtigruten Carglass, er med og stiller ut.
– I launch-mode står bilen med 6500 omdreiningar, klar for start, i 5-6 sekund. Det kjem til å bråka, og med overdose bensin kjem det òg ein del flammar.
Traileren trilla inn i sentrum torsdag kveld, Nytræ RX står på stand fredag og laurdag.
Loddar ut helikopter-tur
Nytræ køyrer for CircleX saman med Frode Holte og Ramona Karlsson, og kjem rett frå tredje runde i RallyX Nordic i Stockholm når han stiller ut med sin Volvo C30 (0-100 på 1,9 sekund).
– Vi har òg ein liten konkurranse på gang. Dei som vil følgja rallysirkuset vårt, og liker facebooksida til Nytræ RX, og tagger tre venner i kommentarfeltet, er med i trekninga av ein helikoptertur for fire personar med Eide Service AS.
– Kom gjerne innom for ein bilprat! oppmodar supercar-føraren.