Nytt band debuterer med singel og musikkvideo

Waterwagon slepp debutalbum i september. Her kan du sjå dagens slepp av singel og video til tittelsporet «Go for tomorrow».

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Det nye bandet Waterwagon har samla eit band spekka med erfarne musikarar, i hovudsak frå Os:

Øyvind Hægland - vokal
Leif Østrem – vokal og kor
Magne Lunde – trommer og perkusjon
Ole Amund Gjersvik – bass
Trond Pedersen – gitar
Kim Gulbrandsen – keyboards
lne Tumyr – kor

Bandet har plan om å sleppa debutalbumet sitt 20. september i år, men allereie laurdag 22. juni speler dei på Baronessen.

I dag kom første singel; tittelsporet «Go for tomorrow», som dei òg har fått laga musikkvideo til.

Videoen er produsert av Pro HD ved Ole Vidar Søviknes.
(Artikkelen held fram under videoen)

Singelen er i dag ute på alle strøymeplattformer.

Første digitale single – tittelsporet «Go For Tomorrow» - er ute på alle strømmeplatformer som en første «føler» 24. mai. Albumets kanskje mest catchy spor «Moving On» slippes som andre single 23. august - «propelling» frem mot album-utgivelse snaue fire uker senere.

WATERWAGON består av veletablerte og up-and-coming-musikarar med erfaring frå etablerte band og samarbeid med kjente namn, som legendariske Saft, Trang Fødsel, Kaizers Orchestra, Jahn Teigen, Jan Eggum, Ole Paus, Herborg Kråkevik, Vestlandsfanden, Bjørn Eidsvåg, Pogo Pops, Marion Ravn, Kurt Nilsen, Tennis, Orbo & The Longshots, Mighty Magnolias med fleire.

Plata er spelt inn og produsert av Daniel Birkeland i Havnelageret Studio i Bergen.

Bandet speler popmusikk påverka av seint 1960- og tidleg 1970-talet. Co-vokalist Øyvind Hægland har skrive tekstane.

– Dei handlar mest av alt om mellom-menneskelege relasjonar, kjærleik, tapt kjærleik og, ikkje minst, verdien av kjærleik og solidaritet, seier Hægland i ei pressemelding.

Fleire saker