Nytt distrikt - nytt namn

Kva er endringane etter kommunesamanslåinga?

Os lensmannskontor skiftar namn i samband med kommunesamanslåinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. jan. 2020 12:47

I samband med kommunesamanslåinga av Fusa og Os har lensmannsdistriktet endra namn frå «Os og Austevoll» til «Bjørnafjorden og Austevoll lensmannsdistrikt».

Dei held på dei to tenestestadane, men Os endrar namn, så vi står i dag med Bjørnafjorden lensmannskontor og Austevoll lensmannskontor. (Midtsiden skreiv først at Os held på namnet sitt, og viste til Lovdata.no, som ikkje er oppdatert).

• Les òg: Midlertidig stopp for utskriving av pass i Os

Tidlegare Fusa lensmannskontor blir verande som tenestestad i Kvam, Samnanger og Tysnes lensmannsdistrikt. Det er uvisst om lensmannskontoret, som ligg i Eikelandsosen, får nytt namn.

– Det er kanskje spesielt at éin kommune er delt i to lensmannsdistrikt, men vi vurderte det som best å halda på mesteparten av den operative organiseringa som før. Samarbeid og koordinering ordnar vi internt i politiet distrikta imellom, seier Dyrdal.

– Kva blir forskjellen etter kommunesamanslåinga?

– Bjørnafjorden og Austevoll lensmannsdistrikt vil ha det overordna ansvaret. I praksis blir det meste som før, men innan beredskap og annan dialog med kommunen, er det Bjørnafjorden og Austevoll lensmannsdistrikt som er part.

– Samtidig er tenestestadleiar i Fusa, Anders Opsal, ein av politikontaktane i Bjørnafjorden kommune, og sit dermed saman med underteikna og politioverbetjent Anne Lyssand i politirådet i Bjørnafjorden kommune. Det sikrar god informasjonsflyt i heile den nye storkommunen.

Område for område

Bjørnafjorden og Austevoll lensmannsdistrikt dekker områda: Osøyro, Søfteland, Hagavik, Halhjem, Våge, Bekkjarvik og Storebø i Bjørnafjorden kommune og Austevoll kommune.

Kvam lensmannsdistrikt dekker områda: Holmefjord, Eikelandsosen, Strandvik, Nordtveitgrend og Yddal i Bjørnafjorden kommune, og kommunane Kvam, Samnanger og Tysnes.

Kjelde: Lovdata.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.