Lokal | 23. sep. 2019

Nytt hageprosjekt, eller treng du berre litt hagehjelp?

På torsdag inviterer Os hagelag til temakveld - her kan du få treffa dei som driv med hage profesjonelt.

Nytt hageprosjekt, eller treng du berre litt hagehjelp?
På torsdag kan du få gode råd til hagearbeid når Os hagelag inviterer til temakveld i Tunet. (Ill.foto: Os hagelag) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 23. sep. 2019 08:22

På torsdag denne veka inviterer Os hagelag til temakveld om «profesjonell hagehjelp» i Tunet kyrkje & kultursenter.

Jan Helge Gram Eggestøl i Os hagelag fortel at dei har invitert fire lokale «hagebedrifter» som vil presentera seg.

– Vi får besøk av Steinsenteret i Os, Grønt fokus, Os Hageservice og Lunde Hagedesign.

– Desse fire er representantar i alt frå hageplanlegging, drivhus og hagestover, til ulikt steinarbeid og tenester i din hage.

Ta ein prat med aktørane

Eggestøl fortel at etter at presentasjonane er ferdige blir det servert kaffi og kaker.

– Då kan publikum gå rundt til aktørane og få meir informasjon og stilla spørsmål. Alle dei fire bedriftene vil stilla med eigen «stand» i Tunet på torsdag.

– Drøymer du om eit nytt hageprosjekt eller vil ruste opp det du har så vil nok denne kvelden gje deg inspirasjon til vidare hagearbeid, seier Eggestøl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.