Sport | 23. sep. 2012

Nytt hattrick av Egil

Egil Thuen skåra 4 av Os 2 sine 9 (!) mål i dagens heimekamp. Andre resultat frå 4, 5 og 6. divisjon er ikkje like gode for laga frå Osbygda.

Nytt hattrick av Egil
Egil Thuen var her nær på å skåra sitt femte mål for dagen. Ballen gjekk via taska til keeper og inn til streken, men målmannen kasta seg rundt og fanga den. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. sep. 2012 20:04

Os 2, som vann 8-0 borte over Rosendal i førre runde, vann 9-2 over over Kjøkkelvik i dag.

Sigeren var den sjette i rekka og Egil Thuen, som har skåra i 5 av dei siste 6 kampane, til saman 10 mål, putta 4 i dag.

Os 2 - Kjøkkelvik 9-2 (5-1)
Målskårarar, Os: Egil Thuen 4, Roar Vestbø 2, Ramo Racic, Espen Borgen og Vegard Engelsen Moberg.

Roar Vestbø gav Os 2 leiinga, Ramo Racic, som skåra 4 mål i førre og 3 mål i kampen før det, auka til 2-0 før Egil Thuen la på til 3-0, 4-0 og 5-0.

Gjestane reduserte rett før pause.

Fusingane sin kveld

Etter pause fekk Vestbø, som kom frå Fusa til Os då naboane over fjorden la ned laget sitt, auka til 6-1 etter kvilen.

– Begge skåringane til Roar kom på innlegg frå sambygdingen Ørjan Glesnes. Også Stian Håvik gjorde ein fin kamp i dag saman med sambygding John Ole Johannessen. Det var litt fusingane sin kveld i dag, sjølv om vi også hadde mange andre fineprestasjonar, seier trenar Terje Kvittingen.

Ei perle frå "Engel"

Egil la på til 7-1 etter eit fint raid inn frå venstre kant.

Mads Lespøe, som har vore mykje plaga med skadar i år også, dribla seg frå på midtbanen og la opp til Espen Borgen som auka til 8-1.

Kjøkkelvik fekk eit trøstemål før Vegard Engelsen Moberg banka inn 9-2 på eit flott frispark med venstreslegga.

Os 2 ligg på 4. plass på tabellen 3 poeng bak Fitjar (på 2. plass) med 2 kampar mindre spelt.

Fleire tap

Det var ikkje berre sigrar å henta for laga frå Os i helga.

A-laget tapte i går 0-2 for Stord (3. divisjon), Søre Neset tapte fredag 0-5 heime for Fitjar (5. divisjon), Søfteland tapte toppkamp 1-2 heime for Smørås 2 (6. divisjon) og Nore Neset tapte toppkamp 2-4 heime for Viggo.

Lysekloster vann 3-1 borte over Dale (4. divisjon) og Lysekloster 2 spelte 2-2 i toppkamp borte mot Minde (6. divisjon).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.